Lika ideen: Dagleg leiar i Telemark næringshage, Solveig Sundbø Abrahamsen, lika produktet til Jenny Ødegård og Marius Moldsvor i ungdomsbedrifta Holdern UB, og bestilte haldarar til mobiltelefonen.

Ungdommane selde inn gode idear og fekk nyttige tips tilbake

I løpet av eit skuleår skal elevane som vel entreprenørskap og bedriftsutvikling utvikle ein idé, starte ei verksemd, drive ho og avvikle. Måndag fekk elevane frå Kvitsund gymnas tilbakemeldingar frå tilsette i Telemark næringshage.

Dagleg leiar i Telemark næringshage Solveig Sundbø Abrahamsen, bedriftsrådgjevarar Kjersti Haland og Ida Kasin og nærings-PhD reiseliv og innovasjon, Lill Susan Vale tok i mot elevane frå 2. og 3. klasse ved Kvitsund gymnas måndag. Elevane som var delt i fire grupper, selde inn ideane dei har utvikla i ungdomsbedriftene som blei etablert før haustferien.

– Det er morosamt å få så mange nye idear presentert i næringshagen, og eg gler meg til å fylgje desse ungdommane vidare, rosa Abrahamsen etter at dei fire elevgruppene hadde lagt fram sine marknadsidear.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inn for tips

Besøket i næringshagen starta med at elevgruppene presenterte dei ulike ungdomsbedriftene, etterfylgd av spørsmål og rettleiing frå dei tilsette.

Elevane fekk fortelje om ideane rundt marknadsideen til ein mobilhaldar i tre, ei verksemd som vil få fleire til å nytte gjenbruk av klede, ei hjelpeteneste kalla Lokalhjelpern, der eldre i kommunen kan få hjelp til alt frå fysisk arbeid heime til digital opplæring frå ungdom og studentar i nærområdet, og den siste verksemda som vil starte sal av nye miljøvenlege diskar til frisbeegolf.

– Eg likar ideane, og spesielt godt at de tenker lokalt, grønt og nyttar overskotsmateriale til mobilhaldarane, uttala Vale etter at Holden UB hadde vist video og fortalt om mobilhaldaren dei har utvikla. Haldarane er laga av trevirke dei har fått frå Lun-vel trevare og som er ferdig produsert og måla på verkstaden på skulen.

Skal tevle

Lærar Sigrun Lønning Solvang set pris på at elevane får møte dei tilsette i næringshagen, og bli kjent med kva som skjer i bygget.

– Det er veldig fint for ungdommane å kome hit for å få konkrete tilbakemeldingar på kva dei bør arbeide vidare med, seier Solvang.

Dei ulike ungdomsbedriftene skal neste veke vere med i eit gründer-idol i Skien med andre elevar frå Telemark.

– Og før påske neste år skal verksemdene tevle i fylkesmeisterskapet for ungdomsbedrifter der dei vil møte mange andre ungdommar frå Vestfold og Telemark, seier Lønning.

Krev mykje arbeid

Elevane har to 90-minuttars økter med entreprenørskapsfaget kvar skuleveke, og har erfart at ein må legge langt meir arbeid i verksemda dersom ein skal sjå resultat og få gjennomført noko.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er gøy å starte bedrift og me lærer mykje av det, både om samarbeid, ansvar og økonomi, men det er mykje jobb, fortel elevane som tok ulike personlegdomstestar og kom med ynskje om arbeidsoppgåver før gruppene blei sett saman og ideane kunne bli utvikla.

I verksemda Lokalhjelpern UB finn me mellom anna dei to elevane Henning Hovden Jansen og Didrik Didriksen frå Kviteseid. Deira ungdomsbedrift ynskjer å starte ei lokal hjelpeteneste der dei mellom anna kan halde ulike datakurs for eldre i samarbeid med lag og foreiningar i kommunen.

– Ideane de har utvikla blir så gode som de legg arbeid i dei, helsa dagleg leiar i næringshagen elevane.

5 tips for å starte bedrift

1. Ha trua på ideen din.

2. Undersøk marknaden din.

3. Kartlegg konkurranse i marknaden din.

4. Bygg eit godt team — kven vil du samarbeide med?

5. Tenk berekraft.

Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 og 2

Stadig fleire skaper sin eigen arbeidsplass. Entreprenørskap og bedriftsutvikling er eit fag ein kan velje på vidaregåande og som handlar om å sjå moglegheiter og å omsette desse til berekraftige verksemder. Faget er i stor grad praktisk, og ein får kompetanse i å etablere, drive og utvikle ei verksemd.

Kjelde: Kvitsund gymnas

Blei inspirert: – Det er morosamt å få så mange nye idear presentert i næringshagen, og eg gler meg til å fylgje desse ungdommane vidare, uttala dagleg leiar i Telemark næringshage Solveig Sundbø Abrahamsen