På laurdagshandel: – Me handlar alt me treng på bui i Åmotsdal, seier Øystein t.v.) og Aasmund Skori.

Lokalbutikkane markerte handle lokalt-dagen

Nærbutikkane i Vest-Telemark er ikkje berre ein stad der ein kan handle varer, men også ein viktig møteplass. På laurdag markerte fleire av butikkane handle lokalt–dagen.

Fornøgd: Øystein Skori likar seg godt på nærbutikken i Åmotsdal.

– Eg er så selskapssjuk eg, seier Øystein Skori.

Han er fast kunde på Snarkjøp i Åmotsdal, eller bui, som dei fleste kallar butikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og eg er glad i både Sigrun og Gunhild, fortel han.

Det er dei to tilsette på bui. Og heiter høvesvis Dyrland Eidal og Teigland Kleivi til etternamn.

På laurdagen hadde dei fyra opp i bålpanna og inviterte til pølse, kake og kaffi for å gjere litt stas på kundane sine.

Gunhild og Sigrun: Gunhild Teigland Kleivi (t.v.) har jobba på butikken i fire år. Nå skal ho snart i militæret. Sigrun Dyrland Eidal håpar ho snart kan bli pensjonist.

Døgnopen butikk

Geir Magne Teigland Kleivi (21) er også på Snarkjøp denne laurdagen.

– Eg brukar bui mykje, seier han.

– Eg er ikkje så flink til å vekehandle, så eg er innom her nestne kvar dag når eg er heime.

Tidlegare i år blei nærbutikken i Åmotsdal sjølvbetjent og døgnopen. Dette er eit tilbod Kleivi nyttar seg mykje av. Han brukar bankkortet til å opne butikken og scannar varene sine sjølv.

– Det er veldig kjekt, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Handlar lokalt: Geir Magne Teigland Kleivi, Kristian Holmgard og Gunhild Teigland Kleivi.

Lite å gå på

Sjølv om kundane gir uttrykk for å vere nøgd med å ha butikk i nærleiken, er det ikkje fritt for at det er utfordrande for dei som driv.

– Me har ikkje så mykje å gå på, fortel Sigrun Dyrland Eidal. Ho er dagleg leiar av Snarkjøp i Åmotsdal.

Eidal fortel at straumrekninga for august var på 45.000. I fjor var den på 8.000.

– Me har bytta ut til led-lamper i taket. Elles går straumen til kjøler og frysarar. Me kan ikkje slå av dei.

Eidal vil snart gje seg med butikkdrift. Ho blir snart pensjonist. Dei har lyst ut etter ny dagleg leiar, og ho håpar på nye kreative krefter til å drive bui vidare.

Sjølbetjent: Her viser Kasper Gundersen Eidal korleis ein scannar varer.

Tenker nytt

Gudmund Dyrland er styreformann i Åmotsdalsbui og er ein av 18 aksjonærar. Han fortel at butikken gjekk med underskot i fjor, men at det ser betre ut i år. Omsetninga har auka.

– Me har vore opptekne av å tenke nytt.

Dei var tidleg ute med sjølvbetjent og døgnopen butikk. No har dei også fått støtte frå Enova til fire hurtigladarar. Dei håpar fleire då vil stoppe i Åmotsdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Set pris på kundane

Initiativtakar: Gro Bjørke Ingebretsen jobbar i Nærbutikken i Nissedal.

På nærbutikken i Kyrkjebygda spanderte Gro Bjørke Ingebretsen kaffi og marsipankake på alle som var innom denne laurdagen.

– Me vil sette litt pris på kundane våre, fortel ho.

Utanfor butikken spanderte bygdekvinnelaget suppe på dei som handla. Dei meiner det er fint at frivillige lag og næringslivet kan samarbeide. Og det er mange som stoppar opp og kosar seg ute i sola etter handelen.

Håpar på vidare drift

Kjøpmann Ian Parry-Jones gjekk tidlegare i haust ut med at han frykta konkurs dersom straumprisane heldt fram med å vere høge og nærbutikkane ikkje fekk straumstøtte.

Bygdekvinnelaget: Frivillge lag i Nissedal er opptekne av å handle lokalt, seier Hilda Nes (t.v.) og Ellen Nordbø.

Dei som er på nærbutikken denne laurdagen er opptekne av å støtte opp om butikken.

– Det er veldig viktig med nærbutikk. Det er lettvint å kunne handle så nære, men det er viktig også for det sosiale, seier Hilda Nes.

– Ja, skrekk og gru, seier Ellen Nordbø.

– Tenk om me skulle bli utan butikk her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brukar nærbutikken: Astrid Olga Løvdal og Arnhild Tveitane har kort veg til butikken og er glade for å kunne kome seg til og frå butikken på eiga hand.
Handle lokalt-kampanjen

Det er Merkurprogrammet som står bak den nasjonal kampanjen for lokal handel.

Kampanjen fokuserer på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer.

Merkur-programmet er Kommunal- og distriktsdepartementets program for å utvikle og styrke butikkar i Distrikts-Noreg. Programmet er ein del av Distriktssenteret.

Målet er å sikre folk i distriktet tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk og bokhandel med god kvalitet.