Kul: Pålehytta ved Nisser hyttegrend og camping på Fjone. Arkivfoto.

Pålehytta er svært populær og så godt som fullbooka i sommar. Nå har den blitt kåra til ei av Europas kulaste i britisk storavis

Nisser Hyttegrend og Camping er med på The Guardian si liste over dei 20 kulaste hyttene på kontinentet.

«Du veit kanskje om det gemyttlege danske konseptet hygge, men kva med hyttekos, det norske uttrykket for å ha det koseleg i hytte?», undrar avisa under eit bilde av pålehytta ved Nisser.

Nisser Hyttegrend og Camping er einaste norske innslag på lista. Avisa skriv at området er kjent for «strendene sine og vakkert, klart vatn å symje i».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig artig. Eg såg at artikkelen frå The Guardian også vart plukka opp av ein amerikansk nettstad, så me er med på lista der òg, fortel drivar Michael Berggren.

– Har de merka ekstra pågang etter artikkelen?

– Det kan eg ikkje seie me har gjort. Men når det er sagt, så er pålehytta særs populær, og så godt som fullbooka for sommaren, fortel Berggren.

Han ser forbetringspotensiale i marknadsføringa til campingplassen.

Drivarar: Michael Berggren og Åshild Reime driv Nisser Hyttegrend og Camping. Arkivfoto.

– Me driv med så mykje forskjellig, mellom anna byggjer me og sel hytter, at det av og til blir litt gløymd. Me kan bli mykje betre i arbeidet med å nå ut til det norske publikumet, seier han.