
I 2013 flytta Regie til Noreg, nå lærer ho Halyna norsk medan dei er på jobb
Halyna Kozyrieva kan ukrainsk og russisk, men ikkje engelsk og berre litt norsk. Kvar torsdag har ho praksis på Waldenstrøm kafe for å lære seg betre norsk.
– Regie er min lærar, seier Halyna Kozyrieva.
Ho ler og klemmer Regie Wagner. Regie ler også.
Dei to damene står bak disken på Waldenstrøm kafe i Kviteseid. Regie har drive kafeen i snart ti år og Halyna har språkpraksis her kvar torsdag. Det skal ho ha fram til sommaren.
Halyna er 56 år og kom frå Ukraina til Kviteseid i juni i fjor. Då hadde ho fyrst vore fem dagar på asylmottak. Sidan ho er over 55 har ho ikkje krav på introduksjonsprogram, det har berre flyktningane som er mellom 18 og 55 år.
Introduksjonsprogrammet – ei investering
Sigrid Eilevstjønn er flyktningkonsulent i Kviteseid kommune, og fortel til VTB at det har kome ganske mange flyktningar til kommunen som er i alderen 55 til 65 år. Kommunen har valt å gje også desse tilbod om plass på introduksjonsprogrammet.
Det er positivt, meiner Nataliya Yeremeyeva som er sosiolog og medlem av ukrainsk venneforeining. Ho meiner det er ein fordel om kommunane kan tilby eit tilpassa introduksjonsprogram til alle uansett alder. Det kan opne fleire moglegheiter for sosial deltaking.

– Introduksjonsprogrammet er ein moglegheit til å lære om det norske samfunnet og til å bli integrert i samfunnet. Det er ei viktig investering Noreg gjer i den framtidige gjenoppbygginga av Ukraina. Dette er viktig kunnskap som ukrainarar kan ta med seg tilbake til heimlandet når krigen er slutt, seier Yeremeyeva.
– Dette er også ein måte å førebygge psykisk uhelse og gjere kvardagen meir meiningsfull, legg ho til.
Det er likevel ikkje alltid lett for kommunane å finne språkpraksis til alle.
– I det fyrste året, 2022, klarte me å få språkpraksis til dei fleste. Nå er det vanskelegare, det er ikkje så mange arbeidsplassar å velje på, fortel Eilevstjønn.
Fleire kommunar fortel at dei også tilbyr introduksjonsprogram, også for dei over 55 år.
– Seljord kommune har hatt ei skjønsmessig tilnærming til dette. Me har vurdert at flyktningar over 55 år som er motiverte for å delta på introduksjonsprogrammet og for å kome seg ut i arbeid, kan få tilbod om introduksjonsprogram, fortel avdelingsleiar integrering og vaksenopplæring i Seljord kommune, Ronde Schade.
– Med nye krav til innhald i introduksjonsprogram (meir praksis m.m.), så har me berre unntaksvis gjeve introduksjonsprogram til dei over 55 år, legg han til.
– Vinje kommune har i 2023 gjeve tilbod om introduksjonskurs til ukrainarar opp til 60 år, og gjort individuelle vurderingar for dei frå 60 år. Dei som ikkje får tilbod om å delta på introduksjonsprogrammet har fått tilbod om eitt år norskopplæring på vaksenopplæringa, fem dagar i veka, opplyser verksemdleiar Carsten Hald i Vinje kommune.
Lærer av kundane
Tilbake på Waldenstrøm kafe fortel Regie at ho har til saman hatt tre ukrainske flyktningar i språkpraksis. Regie er opphavleg frå Fillipinane, og flytta til Noreg saman med mannen Jörg, som er tysk, i 2013.

– Då hadde eg tjue timar med norskundervisning, fortel ho.
– Resten har eg lært sjølv, av å jobbe og prate. Eg har lært alt frå kundane, seier Regie på ei blanding av bokmål og litt dialekt.
– Når ein snakkar med folk lærer ein godt uttalen. Men eg synest framleis det skriftlege er vanskeleg, fortel Regie som har drive Waldenstrøm kafe sidan hausten 2014.
Medan Regie lærte norsk av kundane sine, fortel Halyna at ho lærer mest av Regie og Jörg. Då ho budde i Ukraina arbeidde ho i butikk, så arbeidsoppgåvene ho har nå er ganske kjente.
– Eg likar jobben her. Eg likar å lage mat og vaske. Og eg likar å gå til jobben, seier ho.

Kvar torsdag lagar Regie ein post-it-lapp med arbeidsoppgåver til Halyna. Dei kommuniserer på norsk, med kroppsspråk og Halyna brukar ein app.
Halyna synest det er vanskeleg å lære seg norsk, og fortel at Regie stadig oppmuntrar henne til å prøve likevel.
– Ho er kjempeflink. Det er vanskeleg, men ho vil, og ho prøvar, seier Regie.