Nytt bygg: I tillegg til næringslokala i fyrste etasje, vil bygget huse ti leilegheiter og ein stor terrasse.

Dette er planane for det nye handelssenteret

Vinje kommune har sendt ut oppstartsvarsel for det nye handelssenteret på den gamle bilrutetomta i Åmot.

Det er Noregsgruppen som utarbeider planane for bygget, som ifylgje planforslaget skal huse verksemdene som i dag held til i Bratlandsbygget i fyrste etasje og leiligheiter i andre etasje. Bakgrunnen for handelen er kommunens kjøp av Bratlandsbygget, der dei skal byggje omsorgssenter.

Les også
Omrokeringar i sentrum – kommunen kjøper næringsbygg
Les også
Betalar 8,2 millionar kroner for rutebilstasjonen

Spar får god plass i det nye bygget, med nye lokale på 900 kvadratmeter – butikklokale på 806 kvadratmeter og eit lager. I tillegg vil det bli lagt opp til kafe og bakerilokale til kakeringen, butikklokale til Blomen, ein frisørsalong og eit næringslokale til utleige. I etasjen over skal det kome ti leilegheigheiter, fire kvar på høvesvis 60 og 66 kvadratmeter, og to noko større på kvar ende – ein på dryge 81 og ein på 121 kvadratmeter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje kommune har no lagt ut planteikningane til høyring, med frist 20. august for innspel. Kommunen vil også, i lag med Noregsgruppen, halde folkemøte «om lag i midten av august», men nokon dato er enno ikkje sett.