Ny eigar: Vinje kommune kjøper Bratlandsbygget.

Omrokeringar i sentrum – kommunen kjøper næringsbygg

Kommunestyret i Vinje vedtok under møtet 1. juni å kjøpe Bratlandsbygget, som dei vil gjere om til omsorgssenter. Verksemdene som i dag held til i bygget treng vel og merke ikkje flytte langt.

Formannskapet utsette i oktobermøtet å realitetshandsame ei prinsippsak om kjøp av Bratlandsbygget, ettersom det ikkje låg føre ny festekontrakt for Bratlandstomta og kjøpekontraktar på bygga. Det siste halvåret har administrasjonen i kommunen arbeidd med å få desse på plass, med bistand frå CMS Kluge Advokatfirma, opplyser rådmann Jan Myrekrok i sakspapira til kommunestyret.

– I årsbudsjett og økonomiplan for perioden 2023-2026 legg kommunen, gjennom avsette midlar til forprosjekt til omsorgsbygg i Åmot og midlar til kjøp av Bratlandsbygget i 2024, opp til å gjennomføre ein handel der Bratlandstomta blir avsett til helse- og omsorgsformål og bilrutetomta blir nytt butikkareal for Bratlandsbygget, skriv han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Myrekrok opplyser vidare at mellomverande mellom Bratlandsbygget og kommunen vil halde seg innom økonomiplanens nettoramme på 17,8 millionar kroner for 2024.

– Rådmannen vurderer tida som overmoden for å kome vidare i prosessen med omsorgssenter i Åmot og vonar på tilslutning til vedtaksframlegget.

Halvor Lognvik (FrP) kom med framlegg om å utsetje saka, då han ynskte avklaringar kring potensielle framtidskostnadar knytt til rokeringa. Han var også skeptisk til å «ta beslag på ei av dei beste tomtene i Åmot» for bruk til helseføremål.

– Då er spørsmålet: vil helse skape mykje inntekter for kommunen? Det vil truleg bli utgifter, på utgifter, på utgifter. Kven skal då betale for kalaset?, sa Lognvik, som var skeptisk til å påleggje det neste kommunestyret desse kostnadane.

Han fekk med seg Alf Seltveit (Ap) og Bjørnar Kalbach Christensen (KrF) på å utsetje saka, men då dette ikkje nådde fram var han einaste motstemme då handelen vart vedteke – kommunestyret vedtok framlegget med 18 mot 1 røyst.

Blir handelshus: Den gamle rutebilstasjonen i Åmot vil huse næringsverksemdene som i dag held til i Bratlandsbygget.

Omrokeringar i sentrum

Bakgrunnen for saka går tilbake til 2017, då den aktive kommunedelplan for helse og omsorg vart vedteke. Den peikar på at det vil vere behov for både rehabilitering og nybygg innanfor sektoren i kommunen fram mot 2030.

– I denne samanheng har Telemark bilruter endra strategi for eigedomar i Vest-Telemark, noko som har opna for ei omrokering av funksjonar i Åmot sentrum. Kommunestyret vedtok i desember 2020, som eit første steg, å kjøpe bilrutetomta, heiter det i saka.

Kommunen overtok rutebiltestasjonen hausten 2021, og seinare same haust løyvde kommunestyret ein halv million kroner til arbeidet med omsorgssenter i Åmot i 2022-budsjettet. Rådmannen sin første prioritet sidan då har vore å omregulere arealet der Bratlandsbygget ligg til offentlege føremål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planprosessen vil strekke seg til slutten av 2023, og planforslaget vil bli lagt ut for offentleg ettersyn etter at kommunestyret har godkjent kjøpekontraktane.