Politikontakt: Marie Kornmo Enger.

Vårens vakraste eventyr – eller?

Det er herleg når ein som fersk innehavar av mopedførarbevis, kan ut å lufte «villdyret». Asfalten er tørr, sola skin og grusen er sopa opp. Sesongen er i gang!

For mange 16-åringar er dette vårens vakraste eventyr, og dei aller fleste kosar seg med køyring i lovlege former. Men diverre ikkje alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg ser dei køyre – mopedgjengen – eit utal gonger att og fram gjennom sentrum. Heile dagen. Dei kosar seg, og eg med dei! Det er rett og slett nydeleg å sjå!

Likevel er det for somme vanskeleg å respektere lovar og reglar for bruken av moped. Eg har den seinare tida sjølv observert, saman med andre i bygda, også motorisert åtferd som langt frå er greitt. Det er synd at somme ikkje klarer å halde seg til dei så vidt enkle reglane.

Eg skal difor repetere litt av kva som gjeld og som forventast respektert (om nokon skulle ha gløymt det):

Om køyretyet

- Registrert: Ein moped, firehjuling eller lett mc eller for så vidt alt av køyrety, skal vere registrert når ein brukar den utanom NMF-godkjente banar. Å vere registrert er ingen «kan-regel» men eit påbod. Dette har med forsikring å gjere. Ein er altså ikkje forsikra om det skulle skje eit uhell, og det verste er sjølvsagt om ein påfører ein tredjepart skade.

- Original: Ein moped/mc skal ikkje endrast effekten på. Det er fleire grunnar til det, mellom anna at bremsene er dimensjonerte for den effekten mopeden har. Vil du ha meir effekt, må du faktisk opp ein køyretyklasse til lett mc, og også ta førarkort på aktuell klasse. Dette inneber ei meir omfattande og grundig opplæring, til det beste for deg og alle rundt deg.

Det er også viktig å merke seg at dersom det skjer ei ulukke med trimma moped, gjeld heller ikkje forsikringa.

-Forsvarleg og forskriftsmessig stand: Det betyr at mopeden/atv-en skal framstå i slik teknisk stand som krevjast etter lova.

Om førar

- Førarkort: At «lappen» på aktuell køyretøygruppe er på plass, skulle vere sjølvsagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hjelm: Påkravd verneutstyr skal nyttast. Det er ikkje valfag, sjølv om ev skade berre gjeng utover føraren. Samfunnet tek ansvar for ansvarsløyse og kan straffe, om ein fråviker kravet.

- Er elles skikka: Det er også eit poeng at den som innehar førarkort, syner dei haldningane ein forventar, både til reglar og til sine medtrafikantar.

Om bruken

- Trafikkreglar: Det forventast at alle kjenner trafikkreglane og respekterer dei. Dette rommar også reglane for bruk av til dømes gang- og sykkelveg. Og som ikkje det var nok, skal ein også halde seg borte frå utmark. Ein har ikkje høve til å køyre på stigar, sjølv om det er aldri så freistande. At nokon på crossarar øydelegg turstigar andre har bruka timesvis på å opparbeide for turgåarar, er sjølvsagt ikkje greitt. Då må ein heller kaste crossaren på hengaren å køyre til ein godkjent bane.

Om ein vel å ikkje rette seg etter dette, vil ein kunne verta gjeven (nokså store) bøtar (ca kr 6000 for trimming) og/eller inndraging av førarkort, prikkbelastning ev. sperrefrist, for ikkje å nemne skade på ein sjølv eller andre, med tilhøyrande erstatningsansvar. Trasig og unødvendig uansett.

La dette vere ei kollektiv påminning til alle mopedistar med tilhøyrande foreldre: Tak ansvar for ei forsvarleg og lovleg køyring! Slik vil ein kunne ha det moro på ein trygg og billig måte.

Meir om reglane finn du på politi.no eller vegvesen.no.

Eg nyt tida med dykk, når sola skin og «ponniane» får lufta seg. God tur og køyr vakkert!

Marie Kornmo Enger,

Artikkelen held fram under annonsen.

politikontakten i Nissedal