Så til saka ...

Det var forventa at vinjeordføraren ville angripe min integritet og rolleforståing, framfor å halde seg til saka. Eg kjem heller ikkje til å bruke tid på å diskutere nivå av press frå Vinje, det er korleis den einskilde oppfattar dette som er viktig.

Så til det som er problematisk og som eg vil hevde er usolidarisk og bryt med tidlegare praksis. Vi «rappar» ikkje etablerte strukturar frå kvarandre utan svært gode grunnar. Dette vere seg vertskommunesamarbeid, IKS, fylkeskommunale samarbeid, kommunalt eigde selskap og statlege funksjonar. Dette må sjåast i ein heilskap. Vi må som region sikre det vi har, og jobbe konstruktivt, helst saman, for å få til meir.

Artikkelen held fram under annonsen.

I spørsmålet om kven som ynskte å bli vertskommune for PPT var det opplagt usolidarisk av Vinje å fremje seg sjølv når Kviteseid var tydeleg på at vi har kapasitet, evne og vilje til å administrere ei teneste som har vore lokalisert i Kviteseid i 40 år.

Om kvalitet og ei robust teneste var viktig, kvifor er ikkje bevaring av det robuste fagmiljøet i Kviteseid vurdert som viktig? Er det fordi Vinje har overflod av pedagogar som vil sikre kompetansen og framtidig rekruttering?

Interessant nok skriv Vinje i sin eigen eigarskapsmelding om barnevernssamarbeidet;

«Eit interkommunalt samarbeid på dette området har vore gunstig med omsyn til å ha ei teneste som er kompetent og har ressursar til å handtere varierande oppgåvemengde og kompleksitet. Dette samarbeidet må karakteriserast som vellukka og har vore modell for andre interkommunale samarbeidet innom dette tenesteområdet.»

Dette er eit samarbeid Kviteseid har vore vertskommune for sidan 2009, og vi ville ha lagt til rette for og støtta PPT på same vis. Eg oppmodar dei andre kommunane til å vurdere om dette kanskje gjekk litt raskt? Er dette saka der ein vil bryte etablert praksis, der ein står saman for å sikre gode tenester til det beste for heile Vest-Telemark?

Stian Hauge

varaordførar i Kviteseid

avgått styremedlem i PPT (Noko vinjeordføraren visste svært godt då han skreiv sitt innlegg)

Artikkelen held fram under annonsen.