Ordførar Beate Marie Dahl Eide, meiner du verkeleg det du skriv?

Onsdag 9. September skriv ordføraren i Seljord følgjande på sin Facebook-profil:

«Regjeringa vil kun ta i mot 50 (!) av dei mange tusen desperate flyktningane! Og ikkje ekstra, men berre som ein del av dei vi allereie har lova å ta i mot!

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjære Regjering. Berre i vesle Seljord kommune skal vi greie å ta i mot ein svært stor del av det talet! Norske kommunar vil ta i mot fleire flyktningar, men vert hindra!»

Meiner du verkeleg det du skriv, Ordførar Dahl Eide? Meiner du at Seljord kommune kan ta i mot ein svært stor del av dei 50 flyktningane som skal hentas frå Moria? Da blir eg i så fall svært overraska og lurer på om du eigentleg har oversikt over situasjonen innan fleire område i kommunen.

Eg har tatt til orde for situasjonen til flyktningebarna i kommunen ved fleire anledningar. Eg har sett flyktningebarn i ungdomsskulen som sit med ei mattebok for fyrsteklassingar eller ein iPad heile dagane. Eg har sett flyktningebarn som ikkje ein einaste gong i løpet veka får inn personar som kan bidra i språkopplæringa, med morsmålskompetansen barna treng. For ikkje å snakke om traumene mange av desse barna sit inne med. I tillegg til dette blei det i posisjonens budsjett for 2020 vedteke at det skal kuttast 15 (!) årsverk innan PO2 - skule og oppvekst, i tillegg til at dei blir oppfordra til å spare, og å spare endå litt meir.

Opplæringslova § 2-8 seier følgjande:

«Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.»

Kan du med handa på hjartet sei at dette blir fulgt opp i Seljord kommune, Dahl Eide? Når det blir kutta til beinet i skulane og barnehagane så blir ikkje ting som dette fulgt opp. Lærarar har ikkje verken kapasitet eller minioritetsspråkleg kompetanse til å følgje opp elevane slik dei bør følgjast opp, og ledelsen har heller ikkje pengar til å tilsette nok folk. Det er ei skremmande utvikling når opplæringslova blir broten.

Til betre barna har det i skulen, til meir dei lærer, desto større er sjansen for å lukkast i vaksenlivet. Eg blir derfor så glad når eg ser at flyktningar som tidlegare har kome til Seljord lukkast med å få seg arbeid. I Seljordskulen har me nokre fantastiske eksempel på nettopp dette, og dei gjer ein strålande jobb med nettopp flyktningebarna. DET er god integrering. Dessverre er det likevel alt for få flyktningar som kjem seg ut i arbeidslivet og klarar seg sjølv økonomisk, både i denne kommunen og i veldig mange andre. Det er også ein grunn til at kommunar under 5000 innbyggjarar ikkje eigentleg skal ta i mot så mange, me er for små! Me klarar ikkje å samle opp kompetanse til absolutt alt, slik dei gjer i større kommunar, det må me berre innsjå.

Ein har som politikar eit stort ansvar. Ein legg føringane for korleis kvart einaste område innad i kommunen skal driftas i budsjettrunden kvart år. Dette er eit ansvar me må vera særdeles bevisste på. Veldig mange politikarar, frå alle statens organ, har aldri sett desse områda frå innsida, sett korleis ting utviklar seg og kva for ein jobb dei tilsette gjer kvar dag. For å bruke skulen som eksempel, så trur eg samtlege politikarar hadde fått ein vanvittig mykje større respekt for lærarar, leiarar og assistentar viss dei såg kva dei faktisk stod i kvar dag. For kvardagen for tilsette i skulen er slett ikkje enkel. Tusen takk til alle som arbeider i både skule og barnehage for at de strekk dykk til bristepunktet kvar dag. Med økonomiske kutt og stadig nye arbeidsoppgåver hengande over dykk, klarar de likevel å gjere alt de kan for at ungane i kommunen skal ha det godt. Dykk fortener ei medalje alle saman!

Artikkelen held fram under annonsen.

Til sist, viss ordføraren framleis meiner at Seljord kan bidra voldsomt i Moria-saka, så håpar eg det gjenspeiler seg i budsjettet posisjonen legg fram for dei neste åra. Eg forventar i så fall reversering av vedtaket om kutt av 15 årsverk i skule og barnehage, i tillegg til mykje større bevilgningar til dette programområdet framover. Eg forventar større bevilgningar til psykisk helse, slik at dei kan hjelpe flyktningane med å bearbeide traumene mange har med seg etter krig og flukt, men også til helsevesenet for å ta seg av sin del, lista er lang. Og kvar skal me da kutte? Det gjenstår å sjå, spennande blir det i alle fall i budsjettrunda i desember.

Carina Thorvaldsen,

gruppe- og nestleiar i Seljord Frp

Retting

I mi ytring torsdag har eg skrive at det er vedteke kutt av 15 årsverk i PO2 - skule og oppvekst i Seljord kommune. Dette var ein feil, det er snakk om 10 årsverk i løpet av økonomiplanperioden. Eg har her vore uklar på årsverk og stillingar, og 15 årsverk innan PO2 kan raskt tilsvare 15 stillingar.

Det som likevel er viktig å presisere er at det i barnehage, skule og kulturskule fra hausten 2020 var planlagd ei reduksjon på tilsaman 6,2 årsverk, og i økonomiplanperioden, 10 årsverk.

Carina Thorvaldsen,

gruppe- og nestleiar Seljord Frp