LVK – ein open organisasjon?

Det har i den siste tida vore stilt spørsmål om LVK (Landssamanslutninga av vasskraftkommunar) er ein lukka organisasjon. Vest Telemark Blad har hatt fleire artiklar der dei har stilt spørsmål om dette.

LVK har 160 medlemskommunar frå heile landet. Det at så mange kommunar er samla i ein organisasjon som LVK gjer at kommunane har mykje større tyngde i kraftsaker. Seinast i februar i år er godt eksempel, då skrinla Regjeringa Sanderudutvalet si innstilling om eit nytt konsesjon- og skatteregime.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utvalet foreslo å avvikle både konsesjonskraft- og konsesjonsavgiftsordninga og meir enn halvere eigedomsskatten på kraftanlegg. Dette ville ført til store inntektstap for kraftkommunane.

Lars Thue skreiv ei bok om LVK «For egen kraft» der han omtalar LVK som «ein av landets mest vellykka interesse- og lobbyorganisasjonar. Han seier òg at utan LVK ville 150 norske fjell- og fjordbygder hatt lite å stille opp med i dragkampen om vasskraftformuens avkastning.

LVK sine medlemskommunar får informasjon og høve til medverknad på fleire måtar.

Gjennom landsmøter for alle medlemskommunane, regionmøter over heile landet, årlege fagseminar, fem-seks styremøter med strategimøter med meir enn 30 deltakerar, 50-60 nyhendemeldingar til medlemskommunane, eiga Facebookside for LVK, for LVK ordførerar og for LVK rådmenn, fleire underutval m.m. Dette gjer at medlemskommunane til ei kvar tid får vite kva som rører seg i LVK.

Landsstyret består av ein representant frå kvar av dei 15 fylka. Dei vel fire representantar til arbeidsutvalet. Arbeidsutvalet tek seg av budsjettkontroll, tilvising av fakturaer og har ein meir inngåande kjennskap til den daglege drifta saman med leiar. Landsstyret kan stille spørsmål om bilag m.m. i møte. Økonomien er alltid under kontroll, og budsjett og rekneskap vert drøfta både i arbeidsutval, i landstyret og på landsmøtet.

Det blir i styret og på årsmøta diskutera om ein skal setje sekretariatarbeidet ut på anbod og ikkje fast avtale med Lund &co. Dette har fleire samla årsmøter sagt nei til. Grunngjevinga er at det er vanskeleg å finne andre som har same kjennskapen til LVK sitt arbeid, kan historia om kraftutbygginga så godt og som har eit så godt renomé i det politiske Noreg.

Arbeidarpartia i Vest Telemark stiller oss fullt ut bak LVK. For oss er det ikkje aktuelt melde oss ut. Alle organisasjonar har eit forbetringspotensial, også LVK. Vi meiner at kritikken som nå har vore vil LVK ta lærdom av og bli endå betre organisasjon for oss distriktskommunar.

Det er svært skadeleg for LVK sitt omdømme om denne kritikken fortsett og med det setjast tvil om LVK ikkje er ein samla organisasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med beste helsing

Arbeidarpartia i Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje

Les også
Kjenner seg ikkje att i kritikken
Les også
– Eg kan ikkje lenger halde for nasen og akseptere den manglande openheita om pengebruken i organisasjonen
Les også
LVK nektar å bli kikka i korta
Les også
Vil ha konkurranse om advokatoppdrag for LVK
Les også
Kommunerevisjon har konkludert: – LVK er ein lite open organisasjon