Kjenner seg ikkje att i kritikken

Leiar i LVK, Torfinn Opheim, kjenner seg ikkje att i kritikken om manglande openheit i organisasjonen. – Styret vert orientert om rekneskapen i kvart møte, og det vert lagt fram på landsmøtet, seier han.

Formannskapet i Vinje gjekk i sist møte inn for å ta ein pause frå medlemskapen i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK).

Les også
– Eg kan ikkje lenger halde for nasen og akseptere den manglande openheita om pengebruken i organisasjonen

Leiar i LVK, Torfinn Opheim, kommenterer ønsket frå kommunen om å melde seg ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er ein medlemsorganisasjon, og då er det sjølvsagt fritt fram for å melde seg ut, seier han.

Han har lite forståing for årsaka om at det er lite openheit om økonomien.

– Økonomien er ei styresak, og styret godkjenner rekneskapen og vert informert om økonomien i kvart møte. Eg kjenner meg ikkje igjen i denne manglande openheita, held han fram.

Opheim seier Vinje kommune sin manøver ikkje er heilt uventa.

– Eg er kjent med at Vinje som ein av svært få medlemmer røysta mot å auke kontingenten i fjor. Ordføraren sa også på det ekstraordinære landsmøtet at han ville vurdere dette, noko han då altså gjer, seier Opheim.

Opheim meiner det er god oversikt over økonomien for medlemmene.

– På landsmøtet i LVK som me har anna kvart år vert det gjort greie for rekneskapen sidan sist, og lagt fram budsjett for dei to neste åra, held han fram.