La poliklinikken leve!

Onsdag 15. februar las eg i Vest-Telemark Blad om at poliklinikken ved DPS i Seljord skal leggjast ned, og samlokaliserast med Notodden. Eg har aldri vore så skuffa som eg er nå. Eg har heller aldri vore så bekymra som eg er nå.

Eg er bekymra for den psykisk sjuke pasienten i Vest-Telemark. Eg er bekymra for arbeidsmiljøet som blir mindre. Og eg er bekymra for at nedlegginga av poliklinikken bare er starten på nedlegginga av alt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjære Kjetil Christensen og sjukehusleiinga ved Sjukehuset i Telemark, det er ikkje dette me treng nå – at så viktige tenester blir flytta endå lengre unna folk.

Bakgrunnen for nedlegging er manglande rekruttering. Eg kan forstå dette argumentet. For ja – ein treng jo fagfolk på ein poliklinikk. Men svaret er ikkje nedlegging, svaret er investering.

Å leggje ned poliklinikken aukar forskjellane mellom folk i Telemark. Bur du i Notodden eller Grenland, ja då har du DPS og BUP berre eit steinkast unna huset ditt. Mens bur du i Vinje, Fyresdal eller Tokke, ja då har du godt over to timar å køyre ein veg!

Dette handlar ikkje berre om avstandar, det handlar aller mest om at psykisk sjuke i Vest-Telemark mistar eit svært viktig tilbod. Klinikksjef for psykisk helsevern og rus, Kjetil Christensen, sa til VTB at nedlegginga ikkje vil gå utover dei mest sårbare pasientane fordi dei skal igangsette ei ute-kontor ordning. Til det har eg ein ting å seie: dette er ei svært sårbar løysing, der du ikkje har noko garanti for at pasientane skal få den hjelpa dei faktisk treng. Det har eg sjølv erfart. BUP i Skien skulle sende ut eit ambulerande team som skulle hjelpe meg heime. Dette tilbodet inneheldt ikkje den profesjonelle hjelpa eg trengte, for den profesjonelle hjelpa hadde ikkje sjukehuset kapasitet eller råd til å sende ut i distriktet.

Eg fryktar at det same skal skje nå. At den framtidige poliklinikken i Notodden «nedprioriterer» å sende godt kvalifisert fagfolk på grunn av tidsklemma, kapasitet og kostnadar.

Christensen sa at slutninga er teken og at det ikkje er noko anna veg tilbake, men eg ber på vegne av heile systemet: LA POLIKLINIKKEN LEVE!

Sigrid Marit Jonassen Verpe, Ungdomskandidat i Tokke Ap og lokallagsleiar i Vest-Telemark AUF