Kuttar i tilbod: Utfordringar med rekruttering i Seljord blir bruka som argument for at Sykehuset Telemark nå samlokaliserer poliklinikkane på Notodden og Seljord.

Legg ned poliklinikken ved DPS, det vekker uro: – Dei som har det verst blir igjen ramma når tilbodet blir flytta lenger unna

Poliklinikken blir samlokalisert med Notodden, men døgn-sengeposten i Seljord består, opplyser Sykehuset Telemark.

Dei tilsette ved DPS i Seljord blei kalla inn til møte måndag. Her blei dei informert om at poliklinikken vil bli samlokalisert på Notodden, og at det i framtida blir utekontor i Seljord. Etter det VTB kjenner til kom meldinga overraskande på dei tilsette.

Kjetil Christensen, klinikksjef for psykisk helsevern og rusbehandling ved Sykehuset Telemark, stadfestar endringane som truleg blir gjennomført alt før sommaren om prosessen går etter planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakgrunnen for samlokaliseringa er utfordringar knytt til rekruttering av spesialistar, både lege og psykolog.

– Me klarer ikkje rekruttere til stillingane i Seljord. Det gjer at me må bruke vikarbyrå, seier Christensen, og legg til at dette ikkje er berekraftig i lengda.

Sårbart

Han seier ein liten klinikk som i Seljord er sårbar. Ein periode har det vore tre innleigde spesialistar ved poliklinikken. I tillegg til at det er lettare å rekruttere til klinikken på Notodden, viser klinikksjefen til at det er eit større miljø å dra vekslar på ved fråvær.

Ved poliklinikken blir det tilbydd utgreiing og behandling av dei fleste psykiske lidingar som har alvorsgrad ut over det som kan bli behandla hos fastlege, kommunale tilbod eller familiekontor, står det på heimesida til Sjukehuset Telemark.

Christensen seier avgjerda om samlokalisering er tatt og at det ikkje finst noko anna moglegheit, men han hevdar at endringa ikkje skal gå ut over dei sårbare pasientane.

– Pasientar skal framleis kunne reise til Seljord og få behandling, seier han om utekontor-løysinga.

Han seier også at det ikkje blir noko endring i døgn-sengeposten, og seier dei der har lukkast med å rekruttere ny overlege i Seljord.

– Me er godt bemanna frå hausten, så det ser lovande ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her tar dei imot pasientar til frivillig behandling, og pasientar underlagt tvunge psykisk helsevern.

Ordføraren reagerer

Ordførar: Sondre Aasan.

Fungerande Seljord-ordførar Sondre Aasan (Sp) seier kommunen ikkje har fått noko informasjon eller signal frå sjukehuset om endringa. Han er sterkt kritisk til at poliklinikken no er foreslått lagt ned, i det som han meiner framstår som ein lukka prosess.

– Dette er både ein viktig arbeidsplass i Seljord og eit viktig helsetilbod. Psykiatrien trengst å bli satsa på – ikkje bli bygd ned. Dette er stikk motsett av alle nasjonale føringar om at psykiatrien skal bli satsa på. Ein veit det er store uløyste behov. Avdelinga i Seljord har god plass i bygget og ligg fint til med tanke på roleg og skjerma omgjevnadar for pasientane. Her er det verkeleg mogeleg å satse på eit breiare tilbod innan psykiatrien i Telemark, meiner Aasan.

Bekymra

Prostidiakon: Eilev Erikstein.

Prostidiakon Eilev Erikstein er bekymra – ikkje for dei tilsette som må reise til Notodden og elles vera fleksible på kvar dei har kontor, men for dei mest sårbare pasientane, dei som ikkje så lett kan koma seg til Notodden.

– Moglegheita folk har til å få profesjonell hjelp i nærmiljøet blir redusert. Det er nærleiksprinsippet som blir sentralisert bort. Gode fagmiljø blir brekt opp. Dei som har det verst blir igjen ramma når tilbodet blir flytta lenger unna, fryktar Erikstein.

Han legg til at det er ein tendens til at det er vanskeleg å oppretthalde utekontor.

– Det er fornuftig med felles leiing, men dette handlar om dei som utfører den direkte pasientkontakten. Heile rekka; korleis ein blir tatt imot frå kontorluka i Seljord – ein godt kvalifisert gjeng med god og lang evne til å møte folk. Vettuge kontorfolk som tek imot deg. Ei kjent stemme. Mange slike enkle ting som gjer at folk lettare kan ta imot hjelp, seier Erikstein.