Figurane på teppet representerer alle dei fine menneska som bur på omsorgssenteret, svartepus og viruset sjølv

No heng teppet på veggen på Rauland omsorgssenter.

Flittige hender har strikka og gått saman om eit prosjekt. Godt vaksne menneske som må gå gjennom ei tung tid. Familie og venner kan ikkje koma på besøk. Ingen spelar trekkspel kvar torsdag. Ingen høgtlesing to gonger i veka, og ikkje andakt kvar 14. dag.

Og ikkje minst, godnattklemmane er borte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lukta av desinfeksjonssprit og lyden av låste dører har vore tydleg. Likevel har mange trena og vore ute og gått turar så fort vêret tillèt det. I noko som i starten kjenntes som «ein tur i luftegården».

Humor, latter, diskusjonar og einsemd.

Eit levande hus.

Alle opplever situasjonen ulikt. Some slit meir enn andre. Ei lang vanskeleg tid møter våren og sola. Kveldane er lange og lyse «luftegården» kjennest ikkje ufri lenger.

Bebuarane kan møte vener og familie ute, og etter kvart inne på sine eigne rom, alt etter bestemte reglar, men likevel mykje lettare no.

Kanskje kan me snart gje kvarandre ein klem ...

Som tilsette på omsorgssenteret, vil vi gjerne takke ordførar og kommunelege som har «stått støtt i stormen», og prioritert tryggleiken til fine gamle menneske, i staden for turismen.

Dei har gjort det litt lettare for oss å verne bebuarane mot smitte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har også leiinga på omsorgssenteret gjort, med klare retningslinjer og god informasjon undervegs.

Vi har vore saman gjennom denne tida.

Slik vart eit fargerikt teppe til, for å gjera noko positivt ut av situasjonen, ha noko å glede seg og sjå fram til.

Figurane representerer alle dei fine menneska som bur på omsorgssenteret, svartepus og viruset sjølv.

Dette er ei helsing frå oss yngre, og «vi over 60» på Rauland omsorgssenter.