Felekassa støvar ned

Livet er fullt av ufullførte prosjekt. Her er eitt av mine.

Inst under senga ligg ho og ventar på meg. Eg trekkjer ho fram og bles av støvet. Eg opnar felekassa, og der ligg ho – ustemt og ubrukt. Eg har arva ho etter bestefar. Han spelte masse på ho då han var like gamal som meg. Men – ikkje alt går i arv.

Draumen om å bli god

Som liten hadde eg ein draum om å bli kjempegod på den fela, men ein dag gjekk eg lei og pakka ho ned. Eg hadde vore i musikkskulen i fire år, læringskurva hadde vore bratt og progresjonen stor. Eg hadde spelt for små og store publikum, åleine, i band og med eit symfoniorkester. Til slutt hadde eg kome dit at eg ikkje gleda meg til fiolintimane lenger. Eg vil gjerne stå på scena og vere god, men eg ville ikkje leggje ned arbeidet som var nødvendig for å få til det. Eg ville ikkje øve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Autotelisk vs. heterotelisk

Sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen set eit skilje mellom autoteliske aktivitetar og heteroteliske aktivitetar. Medan det som er autotelisk er eit mål i seg sjølv er dei heteroteliske aktivitetane noko me gjer for å oppnå noko anna.

No er skisesongen på trappene. Mange har alt pakka fram skia og gler seg til å suse rundt i løypene. Så vil det vise seg då, kven som verkeleg elskar å gå på ski – om ein gjer det som eit mål i seg sjølv, for å få bruke kroppen, nyte synet av naturen og gleda av å vere ute. Den same skituren vil derimot bli meir og meir heterotelisk om du byrjar å måle puls og fart og telje rundar.

Eriksen seier at to personar kan gjennomføre akkurat den same aktiviteten, men det kan opplevast heilt ulikt om ein har blikket festa på vegen eller på målet. Med mine ord: alle likar å vere god, men ikkje alle likar å bli det.

For min eigen del var motivasjonen i tanken på å bli betre for svak i møtet med viljen til å øve. Eg sikta på målet og då mislikte eg vegen. Kanskje også fordi ein ikkje kan måle framgang på fele med pulsmålar og stoppeklokke.

No sit eg her på sengekanten og forsøker å stemme ho, spelar nokre tonar, kjenner at det riv litt i øyro og legg ho tilbake.

Det er det eg alltid gjer.

Gutar som sluttar

På nyåret er det tid for UKM igjen, og i haust vart det arrangert ein inspirasjonsverkstad. Eg snakka med Symre Taugbøl Bang, som har deltatt i UKM mange gonger. Ho opplevde at mange mot slutten av barneskulen kjem til ein periode der det ikkje er så kult å drive med song, kunst og musikk lenger. Ho håpa verkstaden kunne inspirere dei som har slutta.

Mi erfaring er at det er flest gutar som sluttar. For nokre veker sidan hadde eg gleda av å snakke med Lars Eirik Øygarden, ein felespelar frå Rauland. Han jobbar som lærar i kulturskulen i Vinje og underviser i hardingfele. Han byrja å spele som ganske ung, men la også fela på hylla ei god stund på slutten av barneskulen. Då han vart litt eldre tok han ho fram att. I dag er han ein framifrå utøvar og lærar i felekunsten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg tok ho aldri fram att. Det vil seie, eg held i ho no, dreg fingeren over den slitne lakken. Eg kan prøve å spele litt, men mykje av kunsten har forsvunne. Som liten elska eg å sveive bogen over strengene. Eg likar det no òg, men eg gir opp for lett.

Nyttårsforsett

Eg løyser opp bogen og legg både fela og bogen i felekassa igjen. Livet er eit sett med fullførte og ufullførte prosjekt, er det ikkje? Og no kjem januar igjen. Er du som meg, full av overmot og optimisme, så set du deg kanskje eit nyttårsforsett. Du kjøper deg ei dagbok eller kanskje nye joggesko som du knyter på deg alt 1. januar.

Dei siste vekene har eg lese og lært mykje om Myllarguten, felelegenda frå Telemark. Det må ha vore meir enn eit nyttårsforsett som skapte legenda. Han var nemleg heilt rå på fela. På Myllarens tid blei det sagt at det var ei utanomjordisk kraft som dreiv han.

Flyt-tilstand

Utan å skryte på meg at eg veit kva som skjedde med Myllarguten då han spelte så intenst at det blei umenneskeleg, har eg undra litt på det. Kanskje gjekk Myllaren inn i såkalla flow state, lenge før det blei populært. Flow, eller flyt, er eit psykologisk omgrep som forklarer ein tilstand der ein blir så oppslukt i ein aktivitet at ein gløymer tid og stad.

Ein flyt-tilstand avheng av at ein er motivert, tilfreds og kan gå i eitt med sjølve aktiviteten. Den var den ungarske sosialpsykologen Mihály Csíksentmihályi som først brukte omgrepet, etter å ha studert ulike kunstnarar som blei oppslukt av arbeidet sitt.

Det opplevde eg ofte som barn, men det har blitt sjeldnare med åra.

Eg let att glidelåsen på felekassa og legg ho under senga igjen. Der skal ho liggje som ei påminning om eit val som eg angra på.

Men eg har høyrt det blir sagt, at det er aldri for seint å snu.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Annfrid er etterkommar av Myllarguten. Ho meiner historia hans har relevans i dag
Les også
Mannen som forandra norsk folkemusikk for alltid
Les også
Lars Erik voks opp med feletonar i heimen. No gjev han spelekunsten vidare til elevane sine