Forfattar, filosof og sjukepleiar: Annfrid Berget Haukeland (1962) er frå Heddal, utdanna sjukepleiar og filosof. Ho har skrive både artiklar og filosofiske essays i tillegg til boka om Myllarguten.

Annfrid er etterkommar av Myllarguten. Ho meiner historia hans har relevans i dag

Annfrid Berget Haukeland har skrive bok om Myllarguten. – Eg trur historia til Torgeir Augundsson og samtida hans kan seie oss mykje om vår eiga historie og identitet.

Mange har høyrd forteljingar om Myllarguten frå dei var små. Ei av dei er Annfrid Berget Haukeland frå Heddal, som voks opp med soger og forteljingar. Det vekte nysgjerrigheita i ho.

Det var ofte bestemora til Annfrid som fortalde om Myllarguten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bestemor Signe hadde eit bilde av Myllaren med fela i stova si, fortel Annfrid.

Myllarguten var oldefar til Signe.

Tanken på å skrive bok

Ein vårdag i 2013 skulle Annfrid ein tur innom biblioteket i Notodden, og byrja tilfeldigvis å bla i nokre bøker ho fann.

– Snart var eg i gang med å bla i biografiar om Ole Bull, Edvard Grieg og ei rekke andre, seier Annfrid, som undra på kva som var skrive om hennar tipp-tipp oldefar Myllarguten, Torgeir Augundsson.

– Eg undra meg over kvifor ingen hadde skrive ei bok om han i nyare tid, seier Annfrid, som då kjende at det var hennar tur til å ta stafettpinnen.

Jakta på «fenomenet Myllarguten», som ho kallar det, varte dei neste åra.

– Eg har alltid undra meg over kvifor han vart så populær som han vart.

Noko av det fyrste Annfrid måtte gjera var å samle stoff og kjelder frå Myllaren si tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiting etter kjelder

– Ingenting tyder på at Augundsson skreiv noko sjølv, og difor måtte eg finlese aviser frå 1800-talet, fortel Annfrid.

Ho las konsertannonsar, artiklar, dikt og meldingar frå Myllaren sine konsertar og framføringar.

– Det har vorte mange timar med lupe over gamle tekstar, fortel Annfrid, som også las brev, bøker og artiklar skrive på Myllaren si tid og fram til i dag.

I tillegg til å lese gjennom kjelder drog Annfrid på besøk til stader der Myllarguten hadde vore, i Oslo, Bergen, Hardanger og Telemark. Til slutt blei arbeidet til biografien «Myllarguten – livet, legenda og medspillerne», som kom ut i fjor.

Livet til Myllaren var svært interessant.

– Han var ein fattiggut som heile livet jobba hardt for å sørgje for seg sjølv og familien, men likevel klarte han å bli ein nasjonal meister på hardingfele, fortel Annfrid og legg til at det er mykje som har overraska henne under arbeidet med boka.

Livet, legenda og medspelarane: Ein dag Annfrid var på biblioteket fann ho to bøker om tipp-tipp oldefaren hennar. Ei frå 1908 og ei frå 1972. Det fekk ho til å ynskje å skrive ein nyare biografi.

Reiste langt og lenge

– Han hadde ei unik evne til å samle slåttar overalt kvar han drog. I tillegg til å imitere andre felespelarar nøyaktig, laga han gjerne sine eigne variantar. Med stor teknisk innsikt i felespel, var Myllaren unik på omdikting og tildikting av slåttane – han skapte nye former og komposisjonar.

Ein annan ting som har fascinert Annfrid er kor mykje Myllarguten klarte å reise. For sjølv om han levde mesteparten av livet sitt i Arabygdi, var han tretti somrar i Hardanger, der han spelte i mange bondebryllaup og lag. I tillegg til heile Telemark og nabofylka, så besøkte han byar som til dømes Kristiania, Bergen, Kristiansand, Trondheim, Göteborg og København. Han reiste ofte til fots, på ski, med hest eller båt. Reisene kunne ta fleire veker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Myllarguten fekk òg tilbod av Ole Bull om å bli med på utanlandsturnè, noko som også kunne blitt ei klassereise. Det takka Myllarguten nei til. Han brydde seg ikkje om suksess hjå besteborgarar og embetsstand, det var bygdefolket han helst ville spele for – dei forstod spelet hans.

Medspelarane

I tillegg til å fortelje om livet til Myllarguten, har Annfrid via mykje plass til medspelarane.

– Eg ville omtale læremeistrane hans, mor hans, kona og nære vener.

Ole Bull var den venen som hjelpte Myllaren til sitt store gjennombrot. Dei både inspirerte og lærte mykje av kvarandre.

– Det var med å byggje bru mellom nasjonalromantikken sitt gjennombrot i Noreg og den norske kulturen, meiner Annfrid.

Sammen gikk de opp løypa for de som kom etter, sammen løftet de folkemusikken opp fra lokal bygdetradisjon til nasjonal kunst.»
Frå forordet i «Myllarguten – livet, legenden, medspillerne»

Er Myllargutens historie framleis relevant og interessant i dag?

– Ja, seier Annfrid umiddelbart og held fram: – Det er mange som ikkje kjenner til Torgeir Augundsson og den betydninga han hadde.

Kva kan Myllargutens samtid lære oss?

I tillegg til å formidle livshistoria til Augundsson, har Annfrid ynskt å gjere greie for tida som han levde i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ei tid med markante skilnader mellom fattig og rik. Bull og Augundsson representerte til dømes kvar sin stand i samfunnet, men felespelet fungerte som eit lim som batt dei saman, fortel Annfrid, som er den fyrste forfattaren som har beskrive kontrastane og dynamikken mellom dei to.

Annfrid Berget Haukeland trur at historia om Myllarguten og samtida hans kan seie oss mykje om vår eiga historie og identitet.

– Det kan fortelje oss noko om kven me var, kvar me kjem frå og kven me er. Kanskje er det også noko me har mista eller vunne på vegen frå Myllaren si tid til vår tid? undrar forfattaren og avsluttar med eit dikt av Såmund Tormodson frå Kviteseid, skrive i 1855.

Fuglesong i lauveskogen,

fossebrus i flaumetid,

fløyteljod i seljumogen,

bjølleklang i bjørkelid,

vindsus på ville heiar,

Artikkelen held fram under annonsen.

langeleik og barnegråt,

dette er for sant og seia

Myllargutens felelåt.

Myllarheimen i Arabygdi: Sjølv om Augundsson hadde tilbod om å bli med Ole Bull til utlandet, valde han å bli heime i Noreg. – Det var på bygda musikken hans verkeleg blei verdsett og kunne bli utvikla vidare. I tillegg hadde han omsorg for både kona og barna sine heime i Arabygdi, fortel Annfrid.
Les også
Felekassa støvar ned
Les også
Mannen som forandra norsk folkemusikk for alltid
Les også
Lars Erik voks opp med feletonar i heimen. No gjev han spelekunsten vidare til elevane sine