Ein stor takk frå tilsette og bebuarar ved Vinje sjukeheim

Det har vore ei spesiell tid for oss alle sidan mars, og særleg her på sjukeheimen. Då vart det stengt for pårørande og besøkande. I tillegg vart det slutt på underhaldning.

Men me har vore heldige og fått besøk av mange flinke og dyktige folk som har underhalde på utsida av sjukeheimen med song og musikk. Dette har vore veldig verdifullt og triveleg for beburane her i ei veldig stille og rar tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg vil me og takke for gåver som er gjevne for å gjera kvardagen for bebuarane trivlegare.

Dette er me veldig takknemlege for og ynskjer og rette ein stor takk til alle som har bidrege.

Me takkar: Sanitetslaget, Folkeakademiet, kultureininga og alle andre frivillige.

Dykk har gjort tida litt lettare.

Mvh.

Tilsette og bebuarar ved Vinje sjukeheim

På sjukeheimen: Bootlegs.
På sjukeheimen: Robbie Banks.
På sjukeheimen: Aasmund Nordstoga.