Verdas bokdag 23. april 2024

Verdas bokdag vert kvart år markera kloden rundt den 23. april. Dagen vart etabIert av UNESCO (FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon) i 1995, og understøttar FNs berekraftsmål nummer 4: God utdanning for alle.

«Utdanning er en grunnleggende menneskerettighet, og inkluderende opplæring av god kvalitet for alle er en av de viktigste byggesteinene for velstand, helse og likeverd i alle samfunn» (kjelde: FN). Dagen gjev oss høve til å rette eit ekstra fokus mot litteraturen, leseglede og alt ei einskild bok kan bidra med i liva våre.

Forteljartradisjonen strekker seg så langt tilbake som menneska har levd på jorda. Den gode historieformidlaren vart samlingspunktet rundt bålet om kvelden. Ein kan lese historier ut av helleristningar og holemåleri som er fleire tusen år gamle. Den klassiske skalden vart høgt skatta og hoffdiktarane måtte setje ord på store hendingar, nesten simultant med at dei skjedde. Forfattarar kan bli store heltar – ofte etter si levetid. Dette syner at forteljinga, og litteraturen, alltid har vore sentralt i liva våre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bøker kan vere så mangt – alt frå ei peikebok utan tekst, via teikneseriar og fagtekstar til eventyr, dikt, noveller eller romanseriar med tusenvis av boksider å drøyme seg bort i. Ein kan finn trøyst og ro i ei god bok. Andre gonger kan bøkene gje oss nye og avgjerande perspektiv på livet, gje råd på vegne og føre oss fram til løysingar på store spørsmål. Forteljingar frå andre kulturar gjev unike innblikk i korleis livet kan vere under andre vilkår.

Den klassiske litteraturen syner at dei store spørsmåla i livet er tidlause og allment aktuelle. Eldre forteljingar viser korleis einskildpersonar opplevde kvardag og fest, kva for daglege gjeremål ein hadde ettersom ein var herrefolk eller husmann, krigsbarn, aristokrat, einsam eller ein euforikar på friarføter. Den store forelskinga er formidla mang ein gong i både rytmisk, bunden form og i moderne poesi, gjennom alle tider. Forma og uttrykka i litteraturen har utvikla seg igjennom åra, men mykje av essensen er framleis den same.

I denne teksten vil biblioteksjefane i Vest Telemark dele nokre tankar om lesing, samt sine beste lese-erfaringar med VTB sine lesarar.

God bokdag og god lesing!

Spørsmål til biblioteksjefane

1. Kvifor les du bøker?

2. Kva var din litterære oppvakning?

3. Vel ut tre bøker som på eit eller anna vis har festa seg spesielt hos deg?

4. Kva bok i biblioteket vil du anbefale akkurat no?

Lene S. Breidalen, Vinje folkebibliotek

1. Eg les bøker fordi eg likar språk og evna orda har til å transportere oss inn i ei heilt ny verd, eller rett og slett gi innblikk i vår eiga verd. Det er så mykje ein kan lære av å lese andre sine tankar og idear. Eg er nysgjerrig og kunnskapstørst av natur, så då er bøker eit fantastisk reiskap til å halde både hjernen og sjela fornøgd.

2. Leselysten min vakna for alvor då eg gjekk i 5. klasse, då me hadde leseprosjekt på skulen. Me farga søylediagram med talet på leste sider, og fekk utdelt diplom for oppnådde lesemål. Blandinga av konkurranseinstinkt og gryande begeistring for bøker, gjorde at eg heldt fram med å besøke biblioteket éin gong i veka lenge etter at prosjektet var over. Det starta med dei små tynne bøkene, men gjekk ganske fort over til dei som var tjukkare og meir spennande. Eg hugsar spesielt godt Shannara-bøkene til Terry Brooks, som bibliotekaren måtte jobbe litt ekstra for å skaffe til meg når neste bok i serien stod for tur.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Mhm, dette blir vanskeleg å velje. Men, den første eg vil dra fram er «De ukjente» av Dean R. Koontz frå 1987. Denne boka stod i bokhylla heime når eg var ung, men eg turte ikkje lese den på mange år fordi den hadde eit blodraudt fotspor frå eit monster på ryggen. Den skremde meg. Då eg likevel endeleg bestemte meg for å lese den, falt eg pladask for karakterane i boka, og den blei ein favoritt eg har lest opptil fleire gonger sidan. Historiene til Koontz er så kreative, fantastiske og lettleste at eg blir sugd rett inn, og den intelligente hunden Einstein har sett sine spor frå nettopp denne boka.

Den neste eg vil nemne er The Painted Man av Peter V. Brett frå 2008, som ein ven lånte til meg for over 10 år sidan. Her er det forteljarkunst på høgt nivå, i ein fasinerande serie som eg er blitt svært glad i. Brett vev fantasy, politikk og spenning saman til eit imponerande univers, der ulike folkeslag og kulturar blir spilt opp mot kvarandre, men også tvungne saman i kampen mot demonar som terroriserer jorda på kveldstid.

Den tredje og siste boka eg vil nemne er The Screaming Staircase av Jonathan Stroud frå 2013, den første av fem bøker i serien Lockwood & Co. Også denne er meisterleg skrive. Stroud har ein heilt egen evne til å danne bilete med orda sine, og i dette tilfellet er det skumle og grøssande scener som kjem til live, men med eit varmt og humoristisk karaktergalleri som sjarmerer deg i senk i kvart kapittel. Her flyt teksten og dialogane leikande lett, men spenningen gir meg gåsehud, og historiene som kjem fram på sidene er neglebitande gode.

4. Nå nyleg har me fått inn boka Diagnose: «Kvinne – Hvordan kvinnehelse havnet i medisinens blindsone», som gir eit veldig interessant blikk på kunnskapshól i helsevesenet. Forfattaren av boka, Liv Bjørnhaug Johansen, er sjukepleiar, og har intervjua nokre personar rundt (om)vegen dei har tatt for å få rett diagnose og behandling for relativt vanlege helseproblem blant kvinner. Det er til tider nedslåande å lese om, men det er også viktig og nyttig informasjon å ta med seg vidare, både for allmenne folk og for helsevesenet. Sjølv om det ikkje er så mange som aktivt les sakprosa, er dette ein bok eg vil anbefale å lese.

Kari-Kristina Eidam, Fyresdal bibliotek

1. Eg les fordi eg synest at det å lese er litt som å leve fleire liv. Eg kan sjå med fleire auge enn mine eigne. Eg les fordi eg vil høyre dei ulike stemmene – også, og ikkje minst, dei som ikkje får så mykje plass. Eg treng å høyre mangfaldet av stemmene for å ha ein ståstad eg kan kalle min eigen. Eg les fordi eg set pris på nye samanhengar. Og så kan bøker gi meg sol på regnversdagar og ly på solskinsdagar. Dei kan få meg til å drøyme meg bort til stader eg aldri kjem til å sjå, dei fortel om alt det som kan skje og om alt det som kan vere. Dei er følgesvennar på oppturar og nedturar, og dei fangar meg opp på dei lange, øyde strekningane.

2. Viss eg skal velje ei bok som eg kan kalle min litterær oppvakning, må det vere Lupinella, ei biletbok av Binette Schroeder. Boka lånte eg på eit bibliotek for ganske lenge sidan, og så eigde eg det i sannsynlegvis fire veker. Det var som ein hemmeleg verd som opna seg her. Til tross for at boka mest sannsynlegvis blei lest høgt for meg, kjentes det som om boka snakka direkte til meg. Utan mellomledd. Eller, enda meir, at boka fanst berre for meg. Bakgrunnen min til då hadde vore prega av rasjonalitet, saklegheit, ein varsam godheit og sans for rettferd med ein utprega skepsis overfor alt som gjeld den tynne isen kjensle og medrivning. Og her, plutseleg, møtte eg noko heilt anna. «Det er jo meg!», tenkte eg kanskje, med ein plutseleg spirande kjensel av ein tidleg identitet og, ikkje minst: «Oi, dette finnes også?». Den fyrste setninga alt ser ut til å samanfatte meg sjølv på denne tida: «Langt fra byen ligger en herlig hage. Der bor Lupinella og vanner blomster og trær som i drømme.» Lupinella er det einaste menneske i boka. Men ho har ein venn, fuglen Robert, som er litt større enn det ho er sjølv. Det hender at Lupinella er lei seg, og då plantar ho trea opp ned, og fuglen Robert seier: «Da blir det bare sørgepiler». Eg har planta mange tre gjennom mitt mellomlange liv, og dei fleste hamna riktig veg opp, trur eg, men biletet har ikkje forlate meg. For å trøyste Lupinella, hentar fuglen Robert to nye vener. Dei er rare og sære og elskverdige, både i bilete og ord. Dei held saman, rotar og skapar og nyt og fryktar. Dei drar ut i den vide verda med glede, storm og fare – heilt til fuglen Robert må redde dei ut av det store, våte havet: «Og litt etter litt blir det kveld. Humpty Dumpty og herr Smell-opp-igjen må dra hjem. ... Men Lupinella og Robert går langt innover i hagen, helt til engene der lupinene står. De legger seg til å sove. Månen skinner så mildt.»

3. Det er mange bøker som har betydd noko for meg. Viss eg skal velje frå dei ulike kantane, må eg nemne Det eventyrlige hjerte av Ernst Jünger. Boka er, tatt for seg sjølv, ein intens samling av draumar og verkelegheitar. Det er ei bok som er prega av nysgjerrigheit og openheit i møte med alt som finnes, alt som kan erfarast med alle sansar, av hjerte og sjel. Draumar og verkelegheitar skal dokumenterast i alle sine nyansar. Tatt for seg sjølv ein oppfølging av Lupinella altså. Ytterpunktet på den andre sida må vere Maleren ved sjøen av Jane Urquhart. Ein anerkjent landskapsmålar har kutta alle band til andre. Han ser tilbake på eit liv. På menneska han møtte. Han beskriv korleis dei forsøker med all sin makt å setje saman ein fragmentert identitet. Ein heilskap som blei øydelagt, ikkje berre gjennom historiske og personlige tragediar, men også gjennom målaren sjølv. Gjennom hans kalde, granskande, objektiviserande blikk, gjennom det kvite, kalde lyset han ynskjer og utforskar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og i midten finst det ei lita hyggekrimserie, Damenes detektivbyrå, av Alexander McCall Smith. Her finn vi det moderate, varme, håpefulle og forsonande. Mma Ramotsve er den samlande stemma som gir mot, forståing og anerkjenning til alle ho møter, også til meg. Ho tåler menneska rundt seg, finner glede, meining og takksemd i dei små tinga. Dette gjer henne til ein perfekt følgesvenn for regnversdagar med det tørre Botswana eg får heim til meg.

4. Av dei bøkene eg har på biblioteket akkurat no har eg lyst til å anbefale to. Bare livet, ein novellesamling av Alice Munro og Nomader i livet, ein novellesamling av Mona Elisabeth Brøther. Bare livet er skrive med stor forteljarkunst, boka er tidlaus i sin menneskelegheit. Det finnes atmosfærisk tette beskrivingar av stader, eg kjenner at eg pustar inn lufta dei eg møter i boka beveger seg i. Munro leverer små psykologiske portrett, ho beskriv kvardagslege, ordinære liv kor eit lite augeblink, ei lita hending, plutselege møte eller tilfeldige val kan forandre alt. Nomader i livet ynskjer eg å anbefale fordi boka er ny, forfattarens fyrste, og fordi eg sit på dagen og tar meg i å undre over gårsdagens forteljing og i å lure på kva kveldens forteljing bring. Språk og forteljekunst varierer litt, men ofte fortel historiene seg sjølv, det er flyt i språket, eg kjenner at eg er der, i de knusktørre spanske kystområda, i regntunge søramerikanske strøk, i den kanadiske øydemarka på vinteren. Forteljingane har regionale og historiske perspektiv på samfunnet, og dei skapar ei spenning, ein kjenner skjørheita når ein ser på fredfulle stunder.

Christian Utigard, Tokke bibliotek

1. Bøker fordrar å utfordre deg og du kan sjølv velje tempo, nivå og tema. Det kan du for så vidt via film og tv også, men bøker krev at du sjølv står for biletlegjering- og kanskje krev ein litt annan merksemd. Dessutan er det mykje greiare å bla att og fram i sidene på ei bok enn å spole att og fram i filmen du passivt ser på medan du sjekkar varslingane på telefonen. Av reint personlege erfaringar set eg pris på lesestunder som ei tid utan støy frå anna hald. Om ein set av litt tid til bøkene, og forsøkjer å halde seg uforstyrra føler i alle fall eg, at tida er vel brukt.

2. Eg var ganske tidleg ute med å lese, og kry over det las eg ein del «store» bøker på barneskulen. (Takk til Mariann Romtveit for god leseopplæring!). Det gjekk nok mest i Donald ei stund, men eg kan også hugse at Oldemorbøkene av Ingvar Moe gjekk ned på høgkant litt seinare. Så var det nok klassikarane som bergtok meg. Eg reknar faktisk Robinson Crusoe som ein av dei finaste romanane me har i verdslitteraturen, så kan ein jau problematisere innhaldet hit og dit – og det er vel ei form for aktualisering, sjølv i dag eller?

3. Som ungdom flest var utflyttartrongen til stades etter vidaregåande. Ein stor skamplett hjå litteraturstudenten frå Byrte var nok mangelen på Vesaas. Eg plukka opp Vesaas for nokre år sidan no og veit du kva, dei fleste har heilt rektig, Vesaas er topp! «Det store spelet» og «Kvinner ropar heim» er skikkelege perler. Dei freista meg faktisk heimatt.

Annie Proulx er ein annan forfattar eg set høgt. Kanskje er ho mest kjend for novellene hennar, og boka Quoles reise, men det er boka Barkskins eg ikkje klarar å sleppe heilt enno. Den er diverre ikkje omsett. Den inneheld litt av alt eg likar. Amerikana, 1700-talet, slektskrønike og økokritikk.

Las Vilhelm Mobergs romanverk om Utvandrarane for eitt år eller to sidan. Trur dei bøkene blir med vidare. Dei var så enkle i språket og gode i spenning, samt så lett å danne seg bilete av. Eg har ikkje sett den nye Poppe-filmen, og eg trur jammen ikkje eg tør heller, i frykt for å miste persontrekka som skapa seg i bøkene. Troell-filmatiseringa derimot, den står seg godt enno. Men bøkene er sjølvsagt best!

Artikkelen held fram under annonsen.

4. Akkurat no er de som akkurat alle andre tider mykje nytt og spennande her. Den spell nye omsette sveitsiske romanen «Blodbok» av Kim de l’Horizon er ein djuptpløgande forsøk på å skrive om sin eigen barndom og eit portrett av ein familie på ein særs ærleg og brutal måte. Men me har mykje nytt i mange sjangrar, lyttarprisvinnaren i p2 «Odel» av Dordi Flom. Ein annan bok som eg synes bør bli betre kjend er «Du er bonde» av Kristin Auestad Danielsen, som passar for ungdom, moden ungdom og oppover – og handlar om gardsdrift, overtaking og ungdomstid, men med ein morosam snert i språk og handling.

Sigrid Nesland Vejen, Nissedal bibliotek

1. Eg treng bøker for å leve, dei gjev meg glede, kunnskap og trøyst. Det har alltid vore ei stor glede å kunne dukke ned i ei bok og gløyme alt anna. Thomas à Kempis sa det slik: «In omnibus requiem quaesivi, et nusquam inveni nisi in angulo cum libro. Overalt har eg søkt etter ro. Fyrst i ein krok med ei bok fann eg ho».

2. «Die Biene Maja» av Waldemar Bonsel. Boka er frå 1912, men kjem i nye utgåver heile tida. Boka handlar om den vesle bia Maja som er modig og nyfiken. Ei magisk bok om venskap, eventyr og å vere seg sjølv.

3. «Selected poems» av Robert Frost

«Den vesle prinsen» av Antoine de Saint-Exupéry

«Snø» av Maxence Fermine

Dei tre bøkene er poetisk vakre og fulle av visdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

4. «Marzahn. mon amour» av Katja Oskamp

«The Asking: New and Selected Poems» av Jane Hirshfield

Og

Bøkene «Vinter i Sokcho» og «Pachinko-kulene» av Elisa Shua Dusapin

Lene Kleivi, Kviteseid bibliotek

1. Eg les bøker som underhaldning og ein pause i kvardagen. Det fine med bøker, er at du kan lage deg dine eigne bilete i hovudet. Du ser for deg korleis stadene og personane er, i staden for å få alt ferdig tolka av andre. Eg likar difor som regel ikkje å sjå film av bøker eg har lese, for då blir eg fort skuffa.

2. Så lenge eg kan hugse, har eg vore glad i å lese. Som lita jente i Åmotsdal, var bokbussen eit høgdepunkt og eit friskt pust frå verda utanfor dei bratte fjellsidene. Me hadde folkebibliotek på grendeskulen, men lærarane var ofte litt strenge med kva me fekk låne. Eg hadde smuglese litt i Sagaen om Isfolket av Margit Sandemo, og vart så nysgjerrig på desse då eg skjønna det handla om trolldom og hekser. Det var liksom ikkje så mykje slik type litteratur på 80-talet; enten var det barnslege barnebøker eller nitriste, einsfarga bøker med raud, brun, blå eller grøn perm for dei vaksne. Bibliotekaren, Signe Aamot, syntest det var leit at eg ikkje fekk lese desse bøkene eg hadde så lyst på, så ho gjorde ei avtale med meg; eg skulle komme etter skuletid og hjelpe ho med rydding i hyllene, kartotekkort og anna bibliotekarbeid mot at eg fekk låne med hennar lånenummer som måtte skrivast synleg bak i boka. Eg er usikker på om eg fekk lese alle 47 bøkene, då eg trur ho dreiv litt sensur i det skjulte, men eg las heile serien om att når eg vart eldre.

3. «Et glass melk takk» (2006) Herbjørg Wassmo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette var ei bok som engasjerte meg. Den gav innblikk i ei verd som for mange dessverre er ein realitet, og den var tidvis vond å lesa. Den handlar om fortvilelse, fattigdom og draumar som fører til at 15-årige Dorte frå Litauen blir eit offer for menneskehandel. Eg blei beitesvis både sinna og lei meg for at me lever i ei så urettferdig og brutal verd, og dette er ikkje ei bok eg kjem til å gløyme med det fyrste!

«Tollak til Ingeborg» (2020) Tore Renberg

Denne boka bør lesast av alle Vest-Telemarkingar over 16 år, og særleg karar! Boka er kort, har lite tekst på sidene, og er noko dei fleste klarer å lese sjølv om ein ikkje les så mykje elles. Den handlar om ein enkel mann frå enkle kår med små draumar i ei stor verd som kryp stadig nærare. Tollak er håplaust irriterande, tek ufatteleg mange idiotiske val i livet, men likevel enda eg opp med å forstå han. Her er ting å kjenne seg att i for fåmælte Vest-Telemarkingar; me kjenner alle (minst) ein Tollak!

«Potensgiverne» (1997) Karin Brunk Holmqvist

Systrene Tilda og Elida er i 70-åra, bur saman i barndomsheimen og tida har i stor grad stått stille. Då dei dreg på åra, og synast det er tungvint å tusle over tunet for å komme seg på do, bestemmer dei seg for å få innlagt vatn og toalett i huset. Slikt kostar sjølvsagt pengar, og dei bestemmer seg for å selje eigenprodusert potensmiddel på postordre for å få inn nokre ekstra kroner. Boka er lettlest og hysterisk morosam, og eg måtte le høgt for meg sjølv fleire gonger.

4. Nett no vil eg anbefale boka «Solens sønn» av Hilde Susan Jægtnes som kom ut i slutten av februar. Dette er fyrste boka i serien Isfolkets forbannelse, som er ein frittståande forløpar til Sagaen om Isfolket. I år er det 100 år sidan Margit Sandemo vart fødd, og i denne boka vert me kjent med den myteomspunne Hanna og kva som førte til at ho blei slik ho blei. Sjølv om denne typen litteratur av mange vert sett på som søppelitteratur, er det ingen tvil om at det fengar mange og fører til auka leselyst. Det viktigaste er vel at kvar og ein finn seg bøker ein liker å lese utan at noko er rett eller gale.

Ingeborg Nenseter Jensen, Seljord bibliotek

1. Eg les for å bli underhalde, for å drøyme meg bort, for å lære noko nytt, for avkopling, for å bli rørt, for å le, bli skremt eller gråte. Det er mange grunnar til å lese. Situasjonen, stemninga eg er i, omgjevnadene, nysgjerrigheita mi er avgjerande for kva eg vel å lese der og då. Det kan vere alt frå romanar til sakprosa, dikt eller eit magasin. Nokon gonger er lydbok det beste, syns eg. Då kan eg gjere andre ting samtidig – som husarbeid, transportetappar med bil eller lufte bikkja. Men dei fleste gonger er det best å setje seg til rette i sofaen med ei god bok og fare av stad, inn i eit anna univers.

2. Eg kan ikkje hugse eit liv utan bøker og forteljingar. Eg lika godt å bli lese høgt for i barndommen, og minnest mange fine lesestunder med eventyr og barnebøker. Etter kvart leste eg på eigenhand. Ikkje minst minnest eg Astrid Lindgrens «Brødrene Løvehjerte» og små forteljingar frå pappas gamle lesebok frå folkeskulen, «Heime og ute». Ein litterær milepæl var då eg i tenåra leste «Bildet av Dorian Grey» (1891) av Oscar Wilde. Denne romanen var annleis enn alt anna eg hadde lese til då, og gjorde veldig inntrykk på meg den gongen. Slik vart leseinteressa vekt for alvor.

3. Det er så mange gode bøker som på ulikt vis har gjort uutslettelege inntrykk. Eg klarar ikkje å velgje ut berre tre bøker, men må nemne nokre fleire.

Språket i boka er viktig for meg. Ordval, flyt og setningsoppbygging kan vere avgjerande. Eg har lagt vekk mang ein roman fordi den er dårleg skrive eller omsetjaren har omsett direkte ord for ord i staden for å gjendikte. Det utgjer ein stor skilnad. Eg elskar den gode forteljinga som vert formidla med eit drivande og godt språk – gjerne med mange anekdotar og digresjonar, som etter kvart nøstar seg saman og kjem tilbake til dit det slapp.

«Tre kamerater» (1931), av den tyske forfattaren Erich Maria Remarque har eg lese fleire gonger, og den heng framleis høgt hos meg. Romanen skildrar venskap mellom tre psykisk svært skadde og desillusjonerte, unge vaksne i Tysklands mellomkrigstid på ein vakker og innforstått måte.

Karen Blixens «Syv fantastiske fortellinger» (1935) er etter mi meining stor litteratur. Hennar formidlingsevne i kombinasjon med evna til å dikte fram eit konglomerat av fiktive verder er eineståande, utvidar horisonten og gjev oss ein stor forfattar.

Eg kjem ikkje utanom Tarjei Vesaas’ «Fuglane» (1957). Denne vakre forteljinga om søskena Hæge og Mattis, som på sitt fåmælte, men tidvis også nokså humoristiske vis illustrerer undringa over tilværet og set taust ord på menneskeverdet. Vesaas er ein meister til å seie mykje med svært få ord.

Av meir moderne litteratur vil eg trekke fram den såkalla Napolikvartetten (2011–2016) av italienske Elena Ferrante (pseudonym). Skildringane av dei ulike sosiale samfunnslaga i Napolis forstad og det harde, tidvis brutale livet som ein vert tilvist å leve der, er strålande formidla. Samtidig er det spennande å sjå moglegheitene til utvikling som hovudpersonen grip, og dei sosiale og relasjonelle konsekvensane av desse. Dessutan er bøkene omsett fantastisk godt til nynorsk av Kristin Sørsdal.

Vidare kunna eg ha trekt fram romanar av Edvard Hoem og Tore Renberg, ikkje minst syklusane om utvandrarane frå Rekneslia (2014–2020) og den skakkøyrde Hillevågsgjengen (2014–2018), som på kvar sine måtar teiknar opp personar og miljø på truverdige vis og skapar stor litteratur av det. Renbergs «Tollak til Ingeborg» (2020) er og ei mørk perle.

4. Boka «Når vi synger» (2023), av Merete Lindstrøm vekte kanskje ikkje så stor merksemd då den kom ut i fjor. Romanen skjuler ei mørk forteljing om ein annleis barndom på det norske 70-talet. Foreldra sin fascinasjon for nyradikal livsførsel, inkludert jakta på kunnskapsbreidde og nøktern briljans, ikkje held heilt fram, og dei bukkar under for mangelfull kontakt med eigne kjensler og evna til å fylgje opp barna og kvarandre med kjærleik og omsorg. Språket er biletleg og vert tydeleg formidla gjennom barnets observasjonar og fortolking av dei vaksne, via stemma til den 11 år gamle tvillingen, Agnes.