Meir tilgjengeleg: Kulturhuset skal bli meir tilgjengeleg. No kan det bli mogleg å leige bøker også på sundagar.

Tokke og Seljord på kulturtoppen: – Har gjennom mange år vore ei prioritert satsing

Tokke og Seljord kommunar er begge blant dei 15 norske kommunane med best kulturtilbod, ifylgje kulturindeksen til Telemarkforsking.

Indeksen er ein årleg oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar, utarbeidd av Telemarkforsking. Kommunane får poeng i ti ulike kategoriar, der den samla poengsummen frå desse gjev grunnlaget for kommunanes endelege plassering på indeksen.

Tokke har det aller beste kulturtilbodet både i Vest-Telemark og Vestfold og Telemark, og ligg på 12. plass nasjonalt. Seljord fylgjer hakk i hæl på 14. plass nasjonalt. Nissedal er lågast rangert av kommunane i Vest-Telemark, på ein 188.-plass i landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tokke kommune har gjennom mange år prioritert satsing på kultur. Det er hyggeleg å sjå at det gjev gode resultat, men ein må alltid ta slike undersøkingar med ei klype salt, seier Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp) til VTB.

I tabellen under kan du sjå korleis kommunane rangerer samla og i dei ulike delkategoriane. Bruk pilene eller fana over tabellen til å navigere mellom kategoriane.

Seljord eller Tokke er høgaste rangerte kommune i regionen i ni av ti underkategoriar, medan Fyresdal toppar innanfor kino. Det er vel og merke den svakaste av dei ti kategoriane for kommunane i regionen – Fyresdal er på 157. plass totalt.

Tokke er blant landets tre beste kommunar på to ulike område: tredje best innanfor museum og nest best når det kjem til kultur for barn. Kultur for barn er det kommunane i Vest-Telemark er aller best på relativt sett, Vinje er lågast plassert på 54. plass av landets 354 kommunar.

– Me har ein god kulturskule med mange elevar som deltek og eit framifrå Vest-Telemark museum der Tokke er så heldige å vere vertskommune, konstaterer Felland.

Seljord hevdar seg også i toppen i fleire av kategoriane, og er inne på topp ti når det kjem til kunstnarar (4. plass) og sentrale tildelingar (8. plass). Elles er Seljord aller best i Vest-Telemark når det kjem til friviljugheit (28. plass nasjonalt), scenekunst (32. plass), kulturarrangement (27. plass) og kulturarbeidarar (25. plass). Tokke er den beste kommunen når det kjem til bibliotektilbod, på ein 20. plass i landet.