– Eg er kjempenøgd med gitarane, seier Frode Alnæs (til høgre), som omtalar dei som kunstverk. Instrumentbyggjar Johnny Jamgrav til venstre.
– Eg er kjempenøgd med gitarane, seier Frode Alnæs (til høgre), som omtalar dei som kunstverk. Instrumentbyggjar Johnny Jamgrav til venstre.

Lykkeleg gitarvirtuos

– For ei lykke! Beste akustiske gitarar eg har spela på, uttalar Frode Alnæs, ein av landets fremste gitaristar. Nyleg henta han instrumenta han hadde bestilt hjå gitarmakar Johnny Jamgrav i Seljord.

Som Vest-Telemark blad tidlegare har omtalt har gitaristen Knut Reiersrud ein gitar laga av Johnny Jamgrav, ein gitar han er svært nøgd med. Og det var nettopp Reiersrud som tipsa Frode Alnæs om gitarkunstnaren i Seljord. Så ein dag tikka det inn ei bestilling på telefonen til Johnny Jamgrav – frå sjølvaste Frode Alnæs. Mannen som blir rekna som ein av dei mest suksessrike artistane i norsk populærmusikk. Mellom anna er han frontfigur i bandet Dance With A Stranger og opphavsmann til alle låtane deira. Han står bak melodiar som «Long December Night» og «Everyone Needs A Friend» for å nemne nokre.

– Flotte instrument

Nyleg tok Frode Alnæs sjølv turen til Seljord for å hente dei ferdige gitarane, eller babyane sine, som han kallar dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har henta dei to nye babyane mine hjå gitarmakar Johnny Jamgrav i Seljord. For ei lykke! Dei beste akustiske gitarane eg har spela på. Kosar meg heile tida med dei no, skriv gitaristen på facebook-sida si.

Til Vest-Telemark blad uttalar Alnæs at han er kjempenøgd med gitarane.

– Det er utruleg flotte instrument som eg alt har blitt veldig glad i. Gitarane blir med som gode vener på vegen vidare, slår han fast.

Vakre og klangfulle

Kring ti år har gått sidan Johnny Jamgrav laga det fyrste instrumentet sitt. Han kjøpte eit byggjesett og laga ein banjo. Ganske snart byrja han å tilvirke instrumenta frå botnen av. I kjellaren heime på Moen i Seljord tryllar no den sjølvlærte fram dei vakre og klangfulle gitarane som gitarvirtuosar av rang veit å sikre seg eksemplar av.

– Eg blei totalt forelska i klangen, uttala Knut Reiersrud til VTB om fyrste gongen han fekk prøve ein Jamgrav-gitar.

Dei to nye gitarane til Alnæs er ein OO-modell og ein OM-modell.

– Loket i OO-en er gjort i europeisk gran, medan det i den andre er amerikansk gran. Sidene og botnen i OO-en er i mahogny, treslaget madagascar rosewood er bruka i den andre, forklarar gitarmakaren.

Til pynt rundt kanten, i rosetten og hovudet har han bruka paua-skjell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kor mange timar instrumentbyggjaren har tilbringa i verkstaden sin før ein gitar er ferdig har han inga aning om. Her må me skunde oss å leggje til at handverket berre er ein fritidssyssel – Johnny Jamgrav er i full jobb som elektrikar. Hittil har hobbyen resultert i nær tretti ferdige instrument totalt. Av ypparste kvalitet, skal me tru Reiersrud og Alnæs.