– Når eg sjølv høyrer stemma til Ronny Brede Aase – stemma eg vaks opp med – gjev det meg ei kjensle av at «Denne personen kjenner eg. Her er eg trygg», seier Storegut-vinnar Arianrhod Engebø. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Storegut-pris til P3-Arian: – Om eg dummar meg ut, får eg alltid ein ny sjanse

StudioP3-programleiar Arianrhod Engebø strekkjer seg langt for at sjefane i NRK skal bli nøgde – ja, ho har til og med bytt ut kjæresten for dei. No blir ho heidra med Storegut-prisen for innsatsen.

– Eg likar å snakke med folk, men i lunsjen er eg aldri den som tek mest plass og fortel flest historier. Likevel; når eg får ein mikrofon framom meg skjer det noko.

Det var ein måndag i radiohuset på NRK Marienlyst, og bak miksepulten hadde Arianrhod «Arian» Engebø nettopp kringkasta nok ei låt og eit tankesprang for dei 69.000 lyttarane av StudioP3.

Artikkelen held fram under annonsen.

Suksessoppskrifta bak programmet er musikkavspeling kombinert med aktuelle gjester i studio og sending av livekonsertar – tre timar kvar dag.

– Eg trur mange kjenner ein tryggleik ved å lytte til radio. Musikkradio, som jo er det eg driv med, har eit fast format. Du veit at du får litt prating og at du får musikk. Du treng ikkje velje eller ta stilling til noko, du kan berre ha radioen gåande. Og så blir du jo kjent med menneske. Når eg sjølv høyrer stemma til Ronny Brede Aase – stemma eg vaks opp med – gjev det meg ei kjensle av at «Denne personen kjenner eg. Her er eg trygg».

Bytte ut kjæresten

Det er for lengst blitt lagt merke til. No sist med nyheita om at Engebø blir tildelt Storegutprisen, ein årleg pris som blir delt ut under Litteraturdagane i Vinje i september. Prisen går til den eller dei som nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.

– Nynorsken har alltid vore både hjartespråket mitt og nyttespråket mitt, så å bli tildelt denne prisen gjer meg veldig stolt. Det inspirerer meg til å halde fram med å vise fram nynorsken, sa Engebø i pressemeldinga som gjekk ut då nyheita vart kjent.

Ei god stund tidlegare, i studioet på Marienlyst, kunne Engebø fortelje at ho slett ikkje alltid har vore sjølvsikker rundt språket sitt. For trass i at ho alltid har fått mykje skryt for radiopratinga si, har ho som vaksen også oppdaga at målet hennar er ein slags hybrid, fortalde ho:

– Eg har skjønt at eg er ganske påverka av far min sin bergensk, både i tonefall og einskilde ord. Då eg hadde ein samtale med språksjefen i NRK, spurde ho difor fint om eg kanskje kunne seie «gjere» i staden for «gjøre» og «høyre» i staden for «høre». No jobbar eg veldig med å halde sunnfjorddialekten så rein som mogleg. Passe på å bruke «har vore» i staden for «har vært» og byte ut «kjæreste» med «kjærast». Slike ting.

Ho humra:

– Så når eg er saman med somme venninner heimanfrå no, er eg faktisk av dei som pratar breiast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nynorsk kickstart

Ho vaks opp i Førde med ein to år eldre bror, ei mor frå Wales og ein far som er halvt sunnfjording og halvt bergensar. Etter vidaregåande enda ho på Cardiff University i Wales for å ta ein bachelor i journalistikk. Ulikt Noreg, var studiet svært akademisk retta. Etterpå fall det seg difor heilt naturleg å reise attende til Førde for å få praktisk kompetanse.

– Somme syntest kanskje Nynorsk mediesenter var eit rart val, men eg er jo frå Førde og har høyrt om senteret der heile livet. Å få betalt opplæring og ein fot rett inn i NRK var jo heilt utruleg fint.

Radiokarrieren starta med utplassering og praksis ved nettdesken hjå NRK på Tyholt i Trondheim. Ikkje lenge etter hadde Engebø fått jobb som videojournalist og medprogramleiar i radio MP3. Det gjekk så bra, at leiinga i P3 peikte på ho då dei trengde eit nytt namn til ei open sendeflate. For programmet «Arian» vart ho i 2019 kåra til Årets unge radioprofil, og i dei få åra som er gått etterpå har ho hatt hand om hundrevis av studiosendingar og livesendingar utandørs.

I fjor toppa ho seg sjølv ved å leie både MGP og P3 Gull.

– Eg elska å jobbe med MGP! Samstundes klødde eg etter å vere bak radiomikrofonen og ha dei vanlege timane i lag med lyttarane. Eg likar at ting skjer organisk der og då. Og om eg dummar meg ut, får eg alltid ein ny sjanse etter neste låt.

P3-pensjonist

Etter MGP-suksessen var det fleire som frykta at Engebø skulle forsvinne til skjermen for godt. Ho er slett ikkje framand for nye tv-oppdrag og vedgår at ein våt draum er å leie ein skikkeleg svær produksjon. Likevel; ho er først og fremst tilsett for å lage radio. Det er ikkje tilfeldig, meinte ho:

– Eg har veldig tru på at du blir dregen mot det som gir deg energi, og at det også er derfor du blir god på det. Akkurat no vil eg berre gjere den beste jobben eg kan i StudioP3. Sjølv om eg synest det er vanskeleg å tenkje veldig langt fram i tid, veit eg i alle fall at eg vil lage radio så lenge eg kan.

Spørsmålet er kanskje like mykje kva slags radio ho skal lage – og for kven. Med sine seks år i P3 er Engebø ein av dei som har vore i redaksjonen lengst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er jo heilt spinnvilt å tenkje på, og eg veit jo at eg ikkje kan jobbe i P3 heile livet. Målgruppa vår er dei mellom 18–30.

Ho rista nesten litt vantru på hovudet:

– Og eg blir 30 i år! Heldigvis har NRK mange andre gøye program og kanalar ein kan gå inn i etter kvart.

(©NPK)

Etter MGP-suksessen i fjor var det fleire som frykta at Arianrhod Engebø skulle forsvinne til skjermen for godt. Ho er slett ikkje framand for nye tv-oppdrag, men vil jobbe med radio så lenge ho får lov. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Radio er framleis det mediet som når flest menneske over heile verda. Arianrhod Engebø – eller «Arian» blant vener og lyttarar – er på lufta med StudioP3 tre timar kvar dag. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Dei mange og lange korridorane i NRK er vidgjetne. Arianrhod Engebø går i snitt 10.000 skritt i dei kvar dag. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK