Filminnspeling: Fredrik Havstein (t.v.) og Marius Vesten (i bilen) leitar etter den perfekte innspelingsstaden til ein romantisk jolekomedie. Dei ser etter ein lun, triveleg heim, med tradisjonspreg og gjerne eit koseleg tun. Kristian Samnøen (bak) på Rauland Høgfjellshotell er veldig glad for at filminnspelinga kjem til bygda. – Ja, det blir vel premiere her hos deg i desember, smiler location-speidarane.

Stor filminnspeling til Vinje: – Me jaktar på eit triveleg tun og ein lun, koseleg heim

Neste jol kan ein sjå ein romantisk komedie på ein av dei største internasjonale strøymetenestene, og den skal bli spela inn i Vinje. Om ein månad. – Så no leitar me etter ramma – huset der handlinga skal finne stad, fortel Fredrik Havstein frå FTE Locations.

Du har kanskje sett bilen deira køyre rundt i Vinje den siste veka, og kanskje har du hatt dei på besøk.

– Me har altså møtt så mange trivelege folk, fortel Havstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, me får minst tre tips kvar gong me er innom Esso og kjøper oss ei pølse, nikkar kollegaen hans, Marius Vesten.

Location manager: Marius Vesten er location manager og leitar no etter den perfekte innspelingsstaden på Rauland. Men han har også spela i film sjølv. – Eg er med i Krigsseileren, smiler han.

– Folk synest nok det er litt rart at me er rundt og leitar etter innspelingsstad, men dei er så opne og trivelege. Dei ber oss inn på kaffi, og dei ringer oss opp att for å gje oss tips.

Havstein og Vesten jobbar for FTE Locations, og jobben deira er å finne staden der filmselskapet Motion Blur skal spele inn ein romantisk jolekomedie.

Kulturkrasj-twist

– Kort fortalt er det ei jente som tek med sin indiske kjærast heim til ei norsk jolefeiring på Rauland, fortel Havstein.

– Så det blir ein jolefilm med ein kulturkrasj-twist.

Filminnspelinga er tenkt å starte alt 28. februar, så det er ikkje lenge til innspelingsstaden må bli fastsett.

– Men me har hatt mykje meir tidspress enn dette, smiler Havstein.

Han fortel at firmaet han jobbar for har funne innspelingsstad for om lag 25 prosent av alle reklamane som har gått på norsk TV dei siste to åra. Dei har også jobba med seriar som Exit, Mesternes Mester, Tiger King og Christiania Magiske Tivoliteater.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergtatt av naturen

Dei to er frå seg av begeistring for Rauland.

– Det er så vakkert her, det er heilt magisk. Då me kom førre veke var det blå himmel og snø i trea. Me kunne ta bilete av kva som helst, så såg det ut som eit eventyr, seier Havstein.

– Og vegane her er heilt fantastiske. Eg trur eg må sørge for å spele inn nokre bilreklamar her, legg han til.

Vil gje noko attende

– Me vil jo spele inn filmen her fordi det er heilt perfekt for ein jolefilm. Men me ønskjer også å gje noko attende til bygda, å gje ein boost til turistnæringa ved å vise fram kva Rauland har å by på.

Men ei utfordring for dei to er at Vinje og Rauland er full av krikar og krokar.

– Det er nok mykje meir her enn me anar. Mange stadar kan jo også vere attsnødde fordi dei ikkje er i bruk vinterstid. Me har alt funne nokre aktuelle kandidatar, men det hadde vore supert med litt hjelp frå bygdefolket til å finne den perfekte staden.

Ei anna utfordring er å få kontakt med folk dersom dei finn fram til ein lagleg stad.

– Det er på dagtid det er lettast å sjå omgjevnadane. Men når folk kjem heim frå jobb i femtida er det nærast mørkt og ikkje lett å sjå stort. Så det gjer jo at me må reise vidare utan å få undersøkt staden, med mindre me finn ut kven eigarane er. Me kan jo ikkje trenge oss på og kikke inn glasruter når folk ikkje er heime, liksom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er så fint her: Vesten (t.v.) og Havstein har alt sett mange fine tun og har teke fleire bilete av stadar som er aktuelle. Men enno har dei ikkje funne den perfekte innspelingsstaden.

Har også laga Troll

Filmselskapet Motion Blur står bak filmar som Troll og Den 12. mann, og skal no lage denne filmen. Dei har planar om å bruke om lag to veker på innspelinga.

– Dei har gode ordningar, og betalar ganske bra for å låne huset, og huseigarane kan til dømes få hotell, hytte eller ferietur medan innspelinga går føre seg.

Og eigarane blir ikkje med i filmen.

– Nei, det er faktisk noko me ofte høyrer, at folk takkar nei fordi dei ikkje vil bli filma. Men det er berre huset me skal bruke, ikkje folka, ler Havstein.

Ein person frå FTE Locations kjem også til å vere med på innspelinga.

– Ja, me må passe på at avtalar med eigarar og naboar blir følgd, om det gjeld parkering eller å ta seg av familiens katt.

Motion Blur: Jenny Victoria Jærn skal vere produsent for jolefilmen. –Eg skal vere til stades hele opptaksperioden og passe på at alt går ordentlig for seg, understrekar Jærn. – Og dei som måtte lure på noko om filminnspelinga må gjerne kontakte meg. Foto: Privat