Kom på årets koselegaste festival: Inviterer Live Skat Nielsen (t.v.), Evelyn Utigard, Jeppe Garly og Linnéa Bang-Madsen er fire av dei åtte friviljuge som skipar til sløydfestival i Seljord fyrste helga i juni.

Inviterer til sløydfest. Så langt er det påmeldt fleire frå utlandet enn vesttelar

Sløydfest 2023 er eit heilt nytt konsept og kanskje den aller fyrste reine handverksfestivalen som blir halde i Noreg.

Evelyn Utigard jobbar som husflidskonsulent hos Noregs husflidslag, men interessa for sløyd er ikkje bare knytt til jobb, den dyrkar ho også på fritida saman med vener. Og saman med sju vener skipar dei nå ein heilt ny festival i Vest-Telemark.

– Me er fleire i Vest- og Midt-Telemark som er ganske interessert i sløydfaget, og under Dyrsku'n i fjor kom me i snakk om å få til ein sløydfestival. Det finst eit handverksnettverk i heile Skandinavia, og i Sverige og Danmark er det etablerte festivalar. Nå ynskjer me å skape noko liknande i Seljord, fortel Utigard som opphavleg kjem frå Byrte i Tokke kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Festivalen, som vil bli halde på området til Seljord folkehøgskule frå torsdag 1. juni til sundag 4. juni, vil ha ulike kurs innan nyskapande, tradisjonelt trehandverk, lokale smidemonstrasjonar, handverksmarknad, ulike foredrag og frivillige aktivitetar.

– Det er ganske nyskapande med ein festival der ein samlar foredrag, kurs og musikk som dette, meiner Utigard.

Håper å sjå vesttelane

Utigard seier at det så langt er fleire frå utlandet enn vesttelar påmeldt festivalen.

– Me håpar vesttelane også vil melde seg på, det er mange «treskallar» som har halde på heime i kjellarane sine i mange år. Dette er ein festival for alle, for dei som er interessert i handverk, men også for dei som ikkje aner så mykje om det men som kan bli introdusert til ei ny verd, seier ho.

Utigard er opptatt av at ein skal verne om og ta vare på gamle handverksteknikkar, og fortel at det mellom anna vil bli halde kurs med Olav Ringhus frå Vinje i korleis ein kan lage langorv.

Vil dele kunnskap: På sløydfestivalen blir det høve til å læra mange nye handverksteknikkar både med trearbeid og i smia.

Vil halde ulike kurs

Arrangørane ynskjer å styrke og inspirere til eit sterkare miljø kring tre og smie i Telemark, og vil skape ein spennande arena og formidle immateriell kulturarv i eit fagfelt som er mindre tilgjengeleg eller dyrt for allmenta.

– Me vonar at festivalen kan bidra til å skape meir attraksjon kring handverksfeltet hjå unge, slik at det vil bli større etterspurnad etter denne typen kompetanse, meiner arrangørane og synest det er naturleg å skipe til ein handverksfestival i Telemark sidan regionen har ein stolt tradisjon innan trearbeid og anna handverk.

Festivalen vil mellom anna ha kurs i korleis ein kan lage smørkniv, sløydøks, lyslykt med oppfinnaren Erik Alfres, ein kan lære å lage grindvev, lindebast, krympeboks og morgedølen Terje Haugen vil dele kunnskap om korleis ein lagar vidjespenning. Interesserte har alt starta å melde seg på kursa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kurset i trebolledreiing med Rut Fjågesund og lage krakk i ferskt trevirke med Tine Spuur er alt fullteikna, seier Utigard.

Inviterer til handverksdag

Laurdag 3. juni blir heile festivalområdet opna for alle som har lyst til å kome på besøk, og festivalgjengen skipar til handverksdag med stor marknad, bålkos og demonstrasjonar av ulike handverk.

– Då kan ein spinne på handteine, spikke si eiga seljefløyte, det vil bli mange ulike småkurs som passar både unge og gamle og me håpar heile marknadsplassen blir full av gjester, seier Utigard.

Ho legg til at det også blir høve til å få med seg foredraget «Med berre nevane» av Siri Helle og ei framsyning med musikk, dans og akrobatikk frå gruppa Arenaslöjd frå Sverige på marknadsdagen.

Søker om stønad

Utigard fortel at dei har jobba mykje med å søke støtte til arrangementet slik at flest mogleg har høve til å delta på dei ulike aktivitetane som blir halde. Arrangørane vil legge til rette for overnatting både i telt ute og leige av rom inne på folkehøgskulen. Fleire lag som husflidslaget både i Seljord og Telemark stør festivalen, fylkeskommunen og Sparebankstiftinga DNB.

– Frivillige har stilt opp for å designe logo og plakatar. Me håpar at festivalen kan bli årviss, i år fokuserer me mest på tresløyd, kanskje me kan inkludere fleire former av handverk om det blir ny festival neste år, seier Utigard.

Seljord husflidslag har på vegner av arrangørane søkt Seljord kommune om 50 000 kroner i økonomisk stønad til å gjennomføre festivalen. Innstillinga til formannskapet i Seljord er å støtte arrangementet med 15 000 kroner. Politikarane skal handsame søknaden 11. mai og kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka 15. juni.