Drangedølane Bjørn Agnar Tørnes, Tom Jackie Haugen og Bulle Holte vekker liv i Prestestranna Vel Vel Vel etter 20 års pause og vitjar Granvin i mars. (Pressefoto)
Drangedølane Bjørn Agnar Tørnes, Tom Jackie Haugen og Bulle Holte vekker liv i Prestestranna Vel Vel Vel etter 20 års pause og vitjar Granvin i mars. (Pressefoto)

Spennande vårprogram på kulturhuset

Shakespeare og Bukkane Bruse står på kulturhusmenyen i Seljord denne våren.

Dagleg leiar ved Granvin kulturhus, Anne Aasmundtveit, fortel om eit spennande og variert program utover våren.

For dei yngste kulturhusgjestene kan ein trekkje fram både Hakkebakkeskogen og dramatiseringa av boka om Bukkane Bruse som skal i badeland som to høgdepunkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er Victoria productions som viser Hakkebakkeskogen. Dei vel sjølv kva dei skal vise, og leiger plass hos oss. Dei er dyktige, og stykket passar alle, seier Aasmundtveit.

– Framsyninga om Bukkane bruse går som ein farsott over heile landet, og dei spelar for fulle hus, så det blir spennande å få Riksteateret på besøk med denne framsyninga, seier kulturhussjefen.

Kvalitet

Aasmundtveit meiner Riksteateret leverer kvalitet frå a til å.

Mange kjenner boka. I april kjem Bukkane Bruse som skal til badeland på besøk til Granvin. (Pressefoto)
Mange kjenner boka. I april kjem Bukkane Bruse som skal til badeland på besøk til Granvin. (Pressefoto)

– Dei kjem også med «Ein midtsommernattsdrøm», ei stor oppsetjing. Då håpar eg det kjem mykje folk. Det er sjeldan Shakespeare blir sett opp her i Seljord, så det er blir spennande å sjå dei unge skodespelarane i dette stykket, seier ho.

Kvalitet er Aasmundtveit sikker på det blir i framsyninga «Det beste av det verste» også.

– Stykket har fått kjempegod kritikk, den er visst veldig morosam. Skodespelarane fortel om det som verkeleg har gått gale på scenen opp gjennom åra, seier ho.

Vil truleg fylle Granvin

Aasmundtveit er også sikker på at framsyninga om «Teletango» blir strålande og håpar storsalen då blir like full som når Are Kalvø gjestar Granvin.

– Eg har sett den oppsetjinga, og han var kjempebra. Han er flink – og har mange morosame poeng, seier Aasmundtveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har eit rikhaldig program i år, og er veldig fornøgde. Og det kjem sikkert fleire arrangement i tillegg ut over våren også, trur Aasmundtveit.

Kinosundag

Kinoen vil som vanleg gå fast annankvar sundag.

Etter nokre år med nedgang i besøkstala, var det gledeleg då det blei ein auke på 20 prosent frå 2014 til 2015.

– Me satsar på at Bygdekinoen blir her, og er avhengig at filmane kjem tett på noregspremieredagen. Då kjem fleire på kinobesøk. Nå er det mellom anna filmane Snåsamannnen og Birkebeinerne som står for tur. Så me har mange gode filmar i vente, avsluttar Aasmundtveit.

Våren på Granvin

2. februar: Vinterkonsert med elevar frå kulturskulen i Seljord.

5. februar: Victoria productions presenterer teaterframsyninga om Klatremus og alle venene frå Hakkebakkeskogen.

6. februar: Riksteateret presenterer komedien og Shakespeares kjende teaterstykke «Ein midtsommarnattsdrøm».

9. februar: Ole Otnes, Sylvia Salvesen og Jan Ø. Wiig frå Teater Ibsen tar publikum med bak scena i framsyninga «Det beste av det verste».

Artikkelen held fram under annonsen.

13. februar: Sterke-Nilsdagen og Din fotballcup. Open dag på Sterke-Nilssenteret med fri bruk av gruppetimar, squash og styrkesal. Lågterskel fotballcup for bedrifter og venelag. Bankett, middag og dans til E76.

1. mars: Ungdomens kulturmønstring (UKM) for Seljord og Kviteseid.

3. mars: «Teletango», ei framsyning der argentinsk tango møter folkedans frå Telemark. Telemark messingkvartett, Per Arne Glorvigen på bandeneon, Ottar Kåsa på hardingfele, folkedansarane Sigbjørn Rua og Hege Jonrud og eit av verdas fremste argentinske dansepar, Pablo Inza og Sofia Saborido står på scenen. Sverre Indris Joner og Klaus Sandvik arrangerer musiken.

5. mars: Den årvisse Sjokoladekappleiken i regi av Seljord folkemusikklag.

5. mars: Drangedalsgruppa Prestestranna Vel Vel Vel gjenoppstrår etter 20 år og held konsert. Frontfigur Tom Jackie Haugen har med seg Bjørn Agnar Tørnes og Bulle Holte.

11. og 12. mars: Elevar frå musikallina ved Seljord folkehøgskule inviterer til musikalshow sett saman av musikk frå ulike musikalar.

13. mars: «Ein time av livet ditt du aldri får tilbake», eit humorshow med Are Kalvø.

17. mars: Barnekoret og teatergruppa til kulturskulen i Seljord presenterer «Skatten på sjørøverøya» der ein mellom anna møter Jim, Emma, Billy Boy og Kaptein Flint.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. april: Seljord skulemusikk held gamaldags basar.

5. april: Riksteateret viser framsyninga «Bukkane Bruse i badeland», og lovar ei vann-vittig morosam teaterframsyning.

12. april: Teater Ibsen presenterer «Kvinne kjenn din kropp» basera på kultboka frå 1976 som også blei kalla ein «feministbibel».

16. april: Seljord og Kviteseid leikarring inviterar til leikarringfest med middag, kveding og dans heile kvelden.