IMPONERTE: Denne gjengen imponerte under landsfestivalen i UKM. Ingrid Nordstoga (t.v.), Laurynas Lamsodis, Anund Nordstoga Torgersen og Aurora Lie Verpe hausta stor applaus i Stjørdal.

«Vinjargjengen» fekk stor merksemd i eit solfylt Stjørdal

For fire år sidan kvalifiserte Ingrid Nordstoga seg for landsfestivalen i Ungdommens kulturmønstring (UKM). Vinje-jenta var tilbake i den settinga då det etter tre års opphald endeleg var klart for ein ny landsfestival att.

Denne gongen var det Stjørdal, som bare ligg tre-fire minuttar køyring frå Trondheim Lufthavn Værnes, som var vertskap for kreative og dyktige ungdommar frå heile landet. Ingrid Nordstoga var ein del av «Vinjargjengen» som er ei folkedansgruppe, som fekk stor merksemd i eit solfylt Stjørdal og Trøndelag. Både små og store let seg begeistre over dette innslaget.

– Det var kjekt at det som skaffa oss plass i landsfestivalen blei så godt motteke. Innslaget var laga med tanke på UKM, sa Ingrid som nyleg var ferdig med det tredje og siste året på ungdomsskulen i Åmot. Ho har staka ut den vidare kursen, og ventar nå spent på om ho kjem inn på Lillehammer kreative vidaregåande skule, som står øvst på ønskelista.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjem frå musikalsk familie

Ingrid som kan tenke seg å bli forsvarsadvokat den dagen ho skal ut i yrkeslivet, er klar på at ho kjem til å sende flyttelasset til OL-byen dersom ho kjem inn. Sjølv om det betyr at ho må flytte på hybel langt heimanfrå. Nordstoga, som kjem frå ein familie og ei slekt der musikken står sterkt, ser på ingen måte mørkt på eit hybelliv i ein by i Innlandet.

– Eg har lyst til å lære meir om song og musikk, og vil få høve til det dersom eg kjem inn på Lillehammer. Derfor håpar eg verkeleg at eg får skuleplass sjølv om det er langt fleire søkarar der enn det er skuleplassar, seier Nordstoga til VTB.

Ho kunne rapportere om eit flott Stjørdals-opphald som var fullt på høgde med det ho opplevde i landsfestivalen i Trondheim i 2018. Den blei også ei kjempeoppleving.

Har fått seg sommarjobb

– Kva har du tenkt å bruke resten av sommaren på, Ingrid?

– Eg har vore så heldig å få meg sommarjobb på Mjonøy. Pengane eg tener der kjem godt med til hausten når eg skal flytte på hybel, sa Ingrid som trivst best når dagane er innhaldsrike.