Debuterer: Yngve Knausgård er klar for sin fyrste festival som arenaleiar ved Vinjesenteret.

No gler festivalsjefen seg. – Rett nok med ganske mange sommarfuglar i magen, eller fivreld, som dei seier her

Med sommarfuglar i magen og klare ambisjonar står Yngve Knausgård klar til å leie Litteraturdagane i Vinje for første gong.

Sjølv om Knausgård kjem frå kystbyen Arendal, har overgangen til innlandskommunen Vinje vore god.

– Eg har blitt svært godt tatt imot, både i bygda og på Vinjesenteret, fortel Knausgård, som har vore på plass som arenaleiar sidan februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han pendlar fram og tilbake til Arendal i helgane, og nyt det han kallar «det beste av to verder», kjem det fram i ei pressemelding.

Kraftfulle dagar

Årets tema for Litteraturdagane er «kraft», eit omgrep med fleire tydingar. Knausgård peiker på at litteraturen, språket og journalistikken har ein kraft i seg til å forme både verda rundt oss og landskapet inni oss. Temaet blir utforska gjennom stikkord som skaparkraft, berekraft og vasskraft – inspirasjonskjelder som har djupe røter i både lokalmiljøet og verda utanfor.

Knausgård er tydeleg på at festivalen er bygd opp på ein solid litterær tradisjon.

– Blant styrkane til Litteraturdagane er blandinga av sakprosa, skjønnlitteratur, tradisjonsrike føredrag knytt til Vinjeforfattarane, og møtet mellom musikk og litteratur. Dette skaper eit unikt og allsidig program, seier han.

Donald på Vinjemål

Ein spesiell hending under årets festival er lanseringa av eit nytt nummer av Donald Duck-bladet, der ein av stripene er omsett til Vinjemål. Dette skal markerast med både føredrag og ein familievenleg teiknestund der Donald-teiknar Arild Midthun og omsetjar Asmund Nordstoga deltek.

Litteraturdagane har alltid hatt ei sterk tilknyting til lokalmiljøet, og denne arven vil Knausgård halde fram med å utvikle. Med eit engasjert publikum og ei stor gruppe frivillige i ryggen, ser han fram til dagar fylte med litteratur, musikk og interessante samtalar.

– Det meste av programmet var på plass då eg kom til Vinje, og eg vil gi stor honnør til programrådet og vertskapsansvarleg Ingebjørg Nestestog Edland for det flotte arbeidet dei har gjort, seier Knausgård.

– Det er alltid spennande med festival, og Litteraturdagane er særleg heldig som har eit dedikert publikum og ein stor stab av flinke frivillige. Så no gler eg meg veldig, rett nok med ganske mange sommarfuglar i magen, eller fivreld, som dei seier her, legg han til med eit smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

90 år sidan diktdebut

På opningsdagen torsdag handlar det om Aslaug Vaa frå Rauland og Kviteseid. I 2024 er det 90 år sidan ho debuterte med diktsamlinga Nord i leite. Vaa er ein av dei store telemarksdiktarane, og var ein diktar med sterk internasjonal orientering. I tida etter andre verdskrigen var ho ei av dei viktigaste røystene mot krig og masseøydelegging.

Les også
Torhild har eit spesielt forhold til Rauland. Og til Aslaug Vaa

Litteraturvitar og professor Jan Inge Sørbø gir ein introduksjon til Aslaug Vaa sin forfattarskap på torsdagens festivalopning. Skodespelar Hæge Manheim gir ei scenisk framstilling av Vaa, hennar univers og reise gjennom livet. Ingebjørg Buen har regien, musikk av Vidar Ytre-Arne.

Les også
Hæge er éin av tusen som får kunstnarstipend. – Framleis i sjokk

Opningskvelden blir avslutta med at forfattar og lyrikar Stein Versto les dikt av Aslaug Vaa.