Hyllar jordeplet: Tora Skjerkholt Aarnes og Laila Glittenberg Moen inviterer til fylkesmeisterskap i jordepleskrelling.

Nå vil dei kåre den beste jordepleskrellaren i fylket

Telemark bygdekvinnelag er arrangør av Telemarksmeisterskapen i jordepleskrelling saman med Dyrsku’n Arrangement og Hjelseth gård.

Meisterskapen blir arrangert sundag under Dyrsku’n i september.

– Me fremmar jordeplet som ein av våre viktigaste matskattar. Norskproduserte jordeple har høg kvalitet, er kortreist og berekraftig. Jordeplet skal og må bli hylla, jordeplet fortener rampelyset og igjen bli ein kjendis, meiner Telemark bygdekvinnelag, som oppmodar folk til å ta med seg favorittskrellaren og melde seg på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinnaren går vidare til NM i Vikingskipet på Hamar.

I Telemark er det 16 aktive bygdekvinnelag fordelt over heile fylket. På landsbasis nærmar det seg 11 000 medlemmer. Bygdekvinnelagets visjon er ein møteplass for aktive kvinner.

Slik gjekk det då idrettsutøvarar frå regionen prøva seg i jordepleskrelling under Vest-Telemarkleikane: