Prøvekaninar: Om lag tretti personar testa ut «Morgedalsløypa» for aller fyrste gong på sundag. Ved denne posten som heiter OL-elden kan deltakarane lese om dei tre OL-eldane i 1952, 1960 og 1994.

Nå er «Morgedalsløypa» klar

Vest-Telemark museum og sentrumsprosjektet i Morgedal har samarbeidd om å lage ei digital formidling av Morgedalshistoria. Sundag testa om lag tretti prøvekaninar ut «Morgedalsløypa» for aller fyrste gong.

– Dette er eigentleg ein ide som er fleire år gamal, men nå når me har reduserte opningstider og bemanning på fleire av musea våre så er dette ein måte å gje betre tilgang for publikum, fortel formidlingsansvarleg ved Vest-Telemark museum, Tilman Hartenstein.

Museet har mange lokasjonar, og ønskte å vise tydlegare at dei ulike stadane henger saman. Dei lage felles brosjyre, og for 4-5 år sidan også ein felles app. I appen kan publikum som til dømes besøker Norsk Skieventyr i Morgedal få informasjon om kor langt det er til Åmdals Verk gruver eller Øyfjell bygdemuseum. Det er Gjermund Johre frå Dalen som har utvikla appen for museet, og han har nå vidareutvikla den slik at den digitale formidlinga «Morgedalsløypa» er mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som besøker Skieventyret kan nå gå in i appen til Vest-Telemark museum på telefonen sin, velje rett museum, og deretter trykke på ein knapp for å kome til Morgedalsløypa. Den fyrste posten er ved vogga, og når du kjem dit får du ei melding opp på telefonen med informasjon. Neste post er ved gangbrua ved butikken. Her handlar det om Bygglandssmeden. I appen kan du både lese, sjå bilde og video frå dei ulike postane.

Meir aktivitet i bygda

På den fyrste runden med «Morgedalsløypa» vart det klart at noko fungerte godt, og noko litt mindre godt, men med nokre små justeringar kan turistar og lokalbefolkning få seg fine turar med litt historie i tillegg, også når museet innandørs er stengt.

Tarjei Gjelstad frå sentrumsprosjektet i Morgedal fortel at «Morgedalsløypa» berre er eitt av fleire prosjekt dei har jobba med dei siste par åra. Eitt av måla er å skape meir aktivitet i bygda.

I fjor fekk me vogga, og i år har me hogd ein del langs E134 slik at det blir opnare og er lettare å sjå bygda. Me har merka og skilta skiløyper så nå er det på plass. Nå er også denne formidlingsløypa klar, og snart kjem statuen av Olav Bjaaland. Den er ferdig støypt og i Italia, og neste år håpar me å lage ein aktivitetspark knytt til vatnet her ute, seier han og peikar mot Morgedalstjønni.

Positivt: Morgedølane Bjørg og Bjørn Nordlien og Aslak Slettemeås synest det er bra med eit tilbod folk kan nytte seg av også når museet er stengt.

Aslak Slettemeås, Bjørg og Bjørn Nordlien tek seg ein liten kvil ved den fyrste posten i «Morgedalsløypa» som er ved den store vogga.

– Det er veldig positivt at dei lagar ei løype med informasjon på ein app. Særleg nå når det er stengt på Skieventyret på vinterstid, seier Slettemeås.

Ut på tur: Halvor og Kjersti Heggtveit gjekk «Morgdalsløypa» saman med bubbu Asgjerd Stråndi.

Morgedøl Gunlaug Lauvik Gjelstad har tatt med seg kjærasten Sindre Øverås på besøk i heimbygda i helga, og dei set også pris på tilbodet.

– Eg har jobba på Skieventyret i mange år, om sommaren og i helgene, og det er fint å ha eit fint museum inne, men det er også fint at me kan utvikle museet ute, meiner Gjelstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein fin aktivitet å ta med familien og vener på, og det er viktig at museet også utviklar seg med bruk av nyare teknologi, seier ho.

– Det er ålreit å få informasjon, særleg når ein kjem opp til Øverbø. Det er moro å kunne lese litt om historia også, nikkar Øverås.

Fin aktivitet: Sindre Øverås og Gunlag Lauvik Gjelstad set pris på kombinasjonen med tur og historieformidling.