Olav Vesaas (t.v.), Syphilia Morgenstierne, Terje Svabø, Sidsel Wold og Andreas Hompland i diskusjon om jubilanten Aasmund Olavsson Vinje.

«Me kan ikkje samanlikne Vinje med nokon, for han var Aasmund Olavsson Vinje»

Fredag ettermiddag fekk eit fullsett Vinjar samfunnshus høyre kjende og kjære journalistar prate om og diskutere den samansette journalisten Aasmund Olavsson Vinje.

Denne artikkelen blei publisert 9. april 2018.

Les andre artiklar frå VTBs Vinje-avis i april 2018:

Artikkelen held fram under annonsen.

Me er takksame for at eit ljos som han blei tent på Vinjeflaten

Olav Nordstoga: Livet med og ved Vinjestoga

Ragnvald Christenson meiner A.O. Vinjes mest kjende dikt kan sporast til Grungedal.

Daa han rodde Aasmund Vinje upp Fjorane fraa Strengen til Tokkedalen for aa leite etter folkedikting.

Etter at kulturskuleelevar hadde sett stemninga med song av No ser eg atter slike fjell og dalar og Blåmann på scena i eit fullsett Vinjar samfunnshus, var det duka for spennande føredrag frå fleire store namn i journalistverda. Den fyrste delen av festhelga blei sparka i gang av ordførar Jon Rikard Kleven.

– Det er så mykje ein kan seie om Vinje, for han var så mykje. Men, eg landa på at eg i denne opningstala på Vinjejubileet i Vinje så er eg som ordførar i Vinje forplikta til å seie at Vinje var frå Vinje.

Kleven prata så om den spesielle støypeforma vesttelar har, og korleis den blir tydelegare jo lenger vest ein kjem.

– Det er noko med folk frå Vinje som eg ikkje forstod før eg høyrde Odd Nordstoga forklare det i Brenners bokhylle. Der prata han om boka Det store spelet, og det er tausheita til folk frå Vinje. Det som eg fyrst var så irritert over, at eg måtte hale ting ut av folk. Då forstod eg at det var ein dyd. Og akkurat her var det truleg ein i støypeforma til Aasmund Olavsson Vinje. For tausheit var ikkje noko han dyrka, sa Kleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han var ikkje lett å forstå, fordi han var så samansett, sa Kleven, før han siterer Tarjei Vesaas sine ord om Vinje frå 150-årsjubileet:

Bautaen av Aasmund Olavsson Vinje utanfor det som skal bli Vinjesenteret blei pynta med blomar fredag morgon, 200 år etter at Vinje blei fødd.

«Han var rett og slett ei gåte. Ingen kan seia, med krav på å vita det, kven han, Dølen, verkeleg var i sitt einrom. Blir berre bleike gissingar. Det blir sagt så lettvint at han gret med eitt auga og lo med det andre, og så har ein liksom gjort seg ferdig med det. Det fortel lite om dei høge kvelvingar og dei sorgfulle gaglemyrar og dei stikkande tornemoar som måtte vera Vinjes indre landskap. Og der dei sjeldnaste fuglar fauk over, og til og med slo seg ned. Her blir all teori grå.»

Gonzo-journalistikkens far?

Dei neste tre timane prøvar Olav Vesaas, Andreas Hompland, Sidsel Wold og Syphilia Morgenstierne å trekke liner frå Dølen-journalisten til dagens journalistiske landskap.

Syphilia Morgenstierne får æra for å vera den som innførte gonzo-journalistikken (subjektiv journalistikk, der journalisten kan involvere seg sjølv) i Noreg mot slutten av 1970-talet.

– Men, mange år etter dette – eg var faktisk 60 år gamal – då kasta eg av meg dei siste restar av pensumtyranniets åk, og begynte å lese Vinje frivillig. Eg fekk rett og slett lyst til å lese Ferdaminne. Då skjedde det noko. Det tok ikkje lang tid før eg måtte erkjenne: Det var ikkje meg. Det var Vinje.

– Viss eg no har rett, og det skal eg sannsynleggjera, så kom ikkje gonzo-journalistikken i 1977 – men i 1860. Og Noregs fyrste gonzo-journalist var også Noregs fyrste journalist. Det opnar nokre fine perspektiv.

Morgenstierne gav så fleire eksempel på at Vinje faktisk dreiv med gonzo-journalistikk i Ferdaminne, der han omtalte dei han møtte på sin veg så fritt og involverte seg sjølv og sine subjektive tankar i teksten.

– Presten som aldri var edru, men autoritet det hadde han. Så har me kleda og alle rettssakane til bonden Lars, og korleis det no eigentleg var heime hjå storbonde og stortingsmann Haakonstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så har me sjølvsagt den velkjende grauten på Grut, sa Morgenstierne til latter frå salen.

Éin av gonzo-journalistikkens løyndomar er at det meste skjer inne i hovudet på journalisten, og ikkje ute i landskapet som i klassisk journalistikk. Gonzo kan ikkje lærast, berre levast, sa Morgenstierne.

– Ikkje lett å finne notidas svar på Vinje

Mangeårig Dagbladet-journalist og sosiolog Anderas Hompland siterte mellom anna kva Vinje i Drammens Tidende hadde skrive at ein journalist måtte vera. Og det var ikkje reint lite.

– Eg kjenner meg ikkje igjen i Vinjes kolossale vyar for å vera bladmann. Men, eg kan kjenne meg att i hans språksyn, tvisyn, skråblikk, kåte hugskott, sarkasme og antiautoritære haldning, sa Hompland.

– Sjølvsagt er det ganske meiningslaust å flytte Vinje i tid og rom til våre dagar, og lage eit slags kontrafaktisk scenario ut av det. Men det er ganske gøy. Når Vinje var så stor. Og kjem til å bli endå større i løpet av året.

Hompland tok så for seg store delar av den journalistiske historia til Vinje – frå Drammens Tidende til Dølen – med liner til sitt eige journalistiske virke. Han prata om korleis Vinje skreiv det han ville, blanda sjangrar og tok seg fridomar. Om tvisynet han personleg har på det store journalistiske forbildet Vinje. På spørsmålet TA-redaktør og programleiar Ove Mellingen introduserte han med, om det finst ein Vinje i dag, hadde han følgjande å seie:

– Det er ikkje så lett å finne notidas svar på Vinje. Eller kva som ville ha vore Dølens plass i notida. Så her må eg berre ty til Vinje sjølv igjen: Min store fader døydde − sjå det me alle må − og arven bort dei øydde, men sumt eg att kan få. Her gjeng eg stundom sliten og leitar etter ord! Skal tru eg er so liten for det han var so stor?

Blanda sjangrar

Korrespondent i Istanbul for NRK, Sidsel Wold, hadde teke turen frå Tyrkia til Vinjeflaten for å fortelje om journalistiske arbeidet ho i ei årrekke har gjort i Midtausten. Publikum fekk vera med inn i arbeidskvardagen hennar gjennom bilde og forteljingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vinje blanda jo sjangrar veldig mykje. Det kan me ikkje gjera i NRK. Viss Vinje hadde jobba i NRK trur eg kanskje han ville vore lik Steinfeld. Altså ein litt krevjande kollega. Men, han hadde ikkje kunna blande alle sjangrane. Det gjorde jo også av og til vår nemnte kollega. Eg trur han hadde hatt litt problem med å tilpasse seg NRK i dag, sa Wold til latter frå salen.

Einar Førde og Linda Eide

Ein som kanskje kjenner jubilantens liv og virke litt ekstra godt, Olav Vesaas – tidlegare NRK-journalist og forfattar av A. O. Vinje. Ein tankens hærmann – fortalde meir om livet til Vinje. Og han hadde på si side eit svar på spørsmålet Hompland streva litt med.

– Eg har tenkt ein del på det, kven det er som kan vera dagens svar på Vinje. Eg hadde ein god halv kandidat, synest eg. Det var min eigen sjef, Einar Førde. Han var frekk i kjeften, god til å formulere. Men eg manglar den andre halvparten. Den som var meir kreativ diktar og lyrikar. Så eg greidde ikkje få til eit heilt svar, smilte Vesaas.

Det siste punktet på agendaen for dagen var ein debatt mellom dei fire journalistane leia av Terje Svabø. Då var det rom for publikum til å ytre seg.

Ei av ytringane kom frå Sissel Åkre frå Valle, som meinte at me absolutt har journalistar som er svar på Vinje i dag:

– Min umiddelbare reaksjon er: Jo! Me har Andreas Hompland og Jon Hustad.

– Eg er ikkje fornøgd med samanlikninga med Hustad, svarte Hompland.

Dag Aanderaa frå Flatdal hadde eit anna forslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjeld Vinje som journalist. Han var faktisk den fyrste som dreiv med karnevalisme her i landet, altså blanda det sakrale og det profane. Og finst det då ein journalist her i landet i dag som kan blande dette på Vinje-vis? Ja, faktisk. Det er ein journalist som er her i denne salen i dag, som nettopp kan leggje seg flat men av og til vera veldig sakral og leike med språket så det nærmar seg det lyriske. Ein fin arvtakar: Linda Eide.

Salen applauderte og fekk Eide til å reise seg. – Det er ein heilt annan divisjon, svarte ho på rosen.

Liv Lofthus frå Vinje var ein av dei som såg seg lei på alle samanlikningane, og fekk siste ord i akkurat den debatten:

– Me kan ikkje samanlikne Vinje med nokon, for han var Aasmund Olavsson Vinje.