Samarbeid: Øystein Øygarden (t.v.), redaktør i Vest-Telemark blad, og Mikkel Aanderaa frå Hjalarhornet.

Lokalradioen og lokalavisa samarbeider

Nyheitene på lokalradioen Hjalarhornet blir nå produsert av Vest-Telemark blad.

Hjalarhornet og Vest-Telemark blad er i gang med eit prøveprosjekt. Sidan slutten av 2022 har VTB hatt ansvaret for dei daglege nyheitsoppdateringane på Hjalarhornet. I fyrste omgang varer prøveprosjektet eitt år.

– For oss er dette ein ekstra plattform å nå ut med nyheiter frå Vest-Telemark, seier redaktør Øystein Øygarden i Vest-Telemark blad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalavisa er også i gang med podcast. Denne vil bli lansert i løpet av våren. Den vil også bli sendt på Hjalarhornet, i tillegg til dei naturlege stadene ein finn podcast. Det er også andre lydplaner i planleggingsfasen.

Satsinga på levande bilde på VTB-TV vil dessutan halde fram, opplyser redaktøren.

– For Hjalarhornet betyr dette at me får lokale nyheiter på lufta. Det er noko me har jobba for lenge, seier dagleg leiar Mikkel Aanderaa i Hjalarhornet.

– Det er ikkje lett for ein person å sitje åleine å lage nyheiter utan ein redaksjon rundt seg, no får me også utnytta alt innhaldet som VTB produserer. Då er me også trygge på at det held god kvalitet, held han fram.

Nytt frå VTB er på lufta etter riksnyheitene kvar heile time, og lyttarane finn dei på FM, DAB og internett.