– Det er lett å tenkje på Vinje som ein traust døl, men han var ein teknologioptimist som ønskte framtida velkomen, seier Andreas Hompland.

– I dag trur eg Vinje hadde vore bloggar

Andreas Hompland trur derimot ikkje Vinje hadde late seg finansiere av reklame.

Hompland – mangeårig journalist i Dagbladet og sosiolog – kjem til Vinjejubileet for å drøfte journalisten A. O. Vinje.

– På si tid var han unekteleg ein nyskapar. «Dølen» var hans personlege blad, som kom ut når det passa han. Der hadde han sin heilt personlege stil, skreiv polemiske tekstar og dikt. Det var meir essayistisk enn journalistikk, seier Hompland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men før den tid var Vinje journalist i Drammens Tidende .

– Her skreiv han om alt. Både små nyhendemeldingar, referat frå Stortinget, og begeistra rapportar om teknologiske nyvinningar, fortel Hompland.

Hompland seier det kan vere urettvist å samanlikne ulike tidsepokar, men om han skulle plassert Vinje i dag måtte det bli som ein bloggar.

– Eg trur ikkje han hadde passa inn i ein polert redaksjon med tider og fristar. I dag er meir reindyrka. Nokre skriv journalistiske tekstar, medan andre kommenterer. Vinje gjorde alt. Slik sett er han både moderne og avleggs. Moderne fordi journalistikken på hans tid var prega av byråkratiske utleggingar og han gjekk bort frå dette, men avleggs fordi han bryt den journalistiske norma om å ikkje blande sjangrane. Eg vil også seie han var ei stor inspirasjon til featurejournalistikken, seier Hompland.

«Alle sjangrar er gode, bortsett frå den kjedelege», er eit sitat som såleis forklarar mykje om korleis Vinje såg på journalistiske reglar, seier Hompland.

– Han ville nok i dag ha vore ein bloggar som finansierte skrivinga si med stipend og pengar frå støttespelarar og beundrarar. Noko som til dels var tilfelle då han dreiv «Dølen». Men det var ikkje alltid det var nok, og han måtte ta seg jobb i departementet. Uansett trur eg nok ikkje han ville hatt reklame på bloggen sin, seier Hompland.

Lesarane av «Dølen» måtte ofte finne seg i å vente lenge på neste utgjeving.

– Vinje skreiv stadig unnskyldningar til tingarane sine fordi han ikkje hadde fått ut siste nummer i tide. Han var anten på reise, sjuk eller oppteken med noko anna. Men dei hadde tolmod med han, fordi mange av tingarane meinte han var verd å vente på, seier Hompland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hompland seier Vinje hadde internasjonale ambisjonar med boka han gav ut på engelsk. Han fekk pengar til å reise til England og Skottland, og det enda i boka «Bretland og Britane». Den fekk omtale av engelske meldarar, og den eine skriv at Vinje var ein kvikk observatør, men ikkje noko djup tenkjar.

– Det kan nok stå som ei høveleg skildring av han, for han var ikkje alltid like djup. Vinje bytte ofte fort standpunkt i saker, det var dette som var tvisynet. Le med det eine auga, og gråte med den andre, seier Hompland.