I dag opnar Vinjesenteret

Nynorsk kultursentrum er klare med den første kulturinstitusjonen i Noreg som har ei fagleg tilnærming til både journalistikk og dikting.

– På Vinjesenteret kan du fordjupe deg i saksfelt som er sjeldan kost på andre museum. Utstillinga gir publikum analysar og leseopplevingar av romanar og noveller, og dessutan eit grundig innblikk i kva skjønnlitteratur og journalistikk tyder for samfunnet, seier Gaute Øvereng, fungerande direktør for Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Senteret ligg på fødestaden til Aasmund Olavsson Vinje. Både grenda Vinje og Vinje kommune har lange røter i nasjonalt relevant litteraturhistorie og skriftkultur. Utstillinga i senteret tek utgangspunkt i arva etter Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas, men famnar om forfattarar og journalistar frå heile landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølve opninga av Vinjesenteret er i dag og vert heilt fri for snorklipping og lange kvite dukar.

– Vi har invitert gjester både lokalt og nasjonalt til å vere med på ein opningsfest som er i tråd med innhaldet og atmosfæren på senteret. Her blir det dikting og journalistikk, musikk og kultur med humør. Det heile vert toppa med ein stor konsert med Odd Nordstoga og band. Serveringa er sjølvsagt lokal, seier arenaleiar ved Vinjesenteret, Kristian W. Rantala.

Milepålar

Les også
Handfaste planar for Vinje-senteret
Les også
– No er det berre å heise flagget i Vest-Telemark og Telemark
Les også
Vinje-senteret skal gjera noko ingen andre gjer
Les også
Grunnsteinen til Vinje-senteret er lagt ned
Les også
Kristian W. Rantala blir sjef for Vinje-senteret

Her kan du lese Aasmund Olavsson Vinje-bilaget VTB gav ut i samband med at det i 2018 var 200 år sidan Vinje blei fødd:

AaVinje.pdf

Frå VTBs arkiv (2018)

Les også
Dei litterære spora etter Vinje
Les også
«Som journalist har eg ofte tenkt at når Aasmund Olavsson Vinje bruka nynorsk og blei respektert for det på si tid, skal i alle fall eg aldri gå vekk frå nynorsken som mitt journalistiske språk»
Les også
«Me kan ikkje samanlikne Vinje med nokon, for han var Aasmund Olavsson Vinje»
Les også
Paa ferd etter folkedikting med Aasmund Vinje
Les også
«No ser eg atter slike fjell og dalar»
Les også
– Me er takksame for at eit ljos som han blei tent på Vinjeflaten
Les også
Kva betyr Aasmund Olavsson Vinje for deg?
Les også
Koplar Vinje til nåtida i nytt teaterstykke
Les også
Borna heidra Blåmann
Les også
Aasmund Olavsson Vinje