Kulturprisvinnar Hans Inge Hagen og ordførar Beate Marie Dahl Eide. Foto: Seljord kommune

Hans Inge fekk kulturprisen

Hans Inge Hagen får kulturprisen i Seljord for sin innsats innan både kultur og idrett.

– Eg blei mildt sagt overraska, og er audmjuk, stolt og glad, seier Hagen.

Prisen blei delt ut av ordførar Beate Marie Dahl Eide på 17. mai.

– Det å ha eldsjeler som yter friviljug innsats og legg ned dugnadsarbeid for fellesskapet er sjølve grunnstamma i både kulturen og idretten, sa Eide før prisen blei delt ut.

Ho viste til at Hagen har eit stort engasjement for at seljordingane skal vere i aktivitet, både unge og vaksne. Han er engasjert i ski, fotball, friidrett og allidretten, og har vore sentral i å lyfte fram friluftslivet og det å gå på tur.

Eide siterte ein av dei som føreslo Hagen som mottakar av kulturprisen: «Han har dei siste åra gjort svært mykje for idretten i Seljord, men mest av alt har han gjort ein kjempeinnsats for folkehelsa i bygda. Han har for alvor sett turmoglegheitene i Seljord på kartet. Vi har blitt kjent med mange nye turforslag; korte og lange, lette og meir krevjande, også utanfor kommunen. I tillegg er han initiativtakar til lengre fellesturar som Lifjell på langs og Brattefjell. Gode fellesopplevingar og førebyggjande helsearbeid».

Eide trekte også fram at Hagen har ulike verv innanfor både kultur og idrett i Seljord. Seljord idrettslag, Seljord turlag og Granvin kulturhus er mellom dei som dreg nytte av det store engasjementet. I tillegg til å bidra i Seljord skulemusikk der han er forelder og støttespelar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som ordførar vil eg òg trekke fram vinnaren sin innsats for Sommarskulen, sa ordføraren.

I 2021 arrangerte Seljord kommune for første gong Sommarskulen, for å gje barn og unge gode og meiningsfylte aktivitetar i sommarferien. Hagen var innleigd av kommunen for å organisere dette.

– Og det var det store, ikkje det vesle, ekstra som vinnaren la ned i Sommarskulen, til absolutt alle døgnets tider, som var med på å gjere dette til ein så stor suksess som det vart. Bestillinga var å sørge for gratis aktivitetar til born og unge heile sommarferien, kombinert med sommarjobb for ungdom. Resultatet vart Norges beste sommarskule, med svært mange og utruleg varierte aktivitetar, krydra med engasjerande og kreative konkurransar, sa Eide.

Det er Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord som delar ut kulturprisen for Seljord. Kulturprisen skal gå til ein eller fleire personar, ein institusjon, lag eller organisasjon som har gjort ein innsats utover det vanlege innan kultur eller idrett i Seljord. Tildeling av kulturprisen vert avgjort av ei kulturprisnemnd der det er tre representantar frå Seljord kommune og tre frå Sparebankstiftinga.

Prisen består av ein sjekk på 20.000 kroner og ein bronseskulptur laga av Ellen Grøstad Barstad.