Prisvinnar: Guri Vessas fekk Storegutprisen for den store innsatsen ho har gjort for nynorsk barnelitteratur.

Guri Vesaas fekk Storegutprisen

Tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, blei laurdag heidra med Storegutprisen.

Ho fekk prisen spesielt for den store innsatsen ho har gjort for nynorsk barnelitteratur.

– Guri Vesaas har knytt til seg forfattarar og illustratørar med vilje og evne til fornying og modernisering - både norske og utanlandske - og såleis vore med på å byggje barnelitteratur med høg kvalitet, på nynorsk. På denne måten har ho styrkt den litterære sjølvtilliten til unge nynorskbrukarar, heiter det i grunngjevinga frå juryen. Ho har ikkje berre gjort den nynorske barnelitteraturen betre, hennar bidrag har løfta kvaliteten på heile den norske barnebokheimen, melde Nynorsk kultursentrum då det blei offentleggjort at Vesaas skulle motta prisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Juryen trekkjer også fram at Guri Vesaas er ein drivande god omsetjar og at ho under namnet Hanna Midtbø har omsett om lag 50 barnebøker til norsk.

Prisvinnaren er strålande fornøgd med at nynorsk barnelitteratur på denne måten blir lyfta fram og aktualisert.

– Me har nyleg fått offentleg slått fast at det kjem ut altfor få barnebøker på nynorsk. Kanskje tida er inne for at det offentlege satsar på dei nynorske forfattarane slik at me kan få ny vekst og bløming innan barnelitteraturen, sa ho då det i sommar blei kjent at ho fekk Storegutprisen.

Prisen blei delt ut på samfunnshuset i Edland laurdagskvelden.

Fekk pris: Guri Vesaas fekk overrekt prisen av Aasmund Nordstoga.