Gjev ut bok: Då pandemien avlyste alle konsertar for songaren Gunstein Draugedalen fann han fram skrivepennen.

– Fleire og fleire etterlyste bok, og eg gav etter

Songar og komponist Gunstein Draugedalen har mange år bak seg som songar og komponist. Nå debuterer han med diktboka «Frå mi venstre hand».

– Eg kan takke pandemien for at eg byrja å skrive. Alle konsertoppdrag vart borte og eg vart arbeidslaus over natta så å seie. Eg hadde ikkje bruka mykje tid på skriving tidlegare, men fann ut at å leike med tankar og ord var ein morosam leik, fortel Draugedalen.

Han voks opp i Kviteseid, men flytta frå bygda alt som sekstenåring. Sidan den gong har han utdanna seg ved Musikkonservatoriet i Oslo, vore songar og komponist. Mellom anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Songaren og lyrikaren ser tilbake

I haust debuterer han som forfattar, men det starta med små dikt han la ut på Facebook.

– Eg starta varsamt med å leggje ut noko på Facebook, og såg at fleire og fleire ville følgje meg der. Og snart kom det spørsmål om ikkje eg kunne gje ut dikta i bokform. Det hadde eg aldri tenkt på, men fleire og fleire etterlyste bok, og eg gav etter.

Draugedalen fortel at han nok har eit skråblikk på livet, og på folk sine veremåtar når han skriv.

– Underfundig har nokon kalla det, og med ei god dose humor. Eg prøvar å finne ein leveleg balanse mellom humor og alvor. Eit eksempel er han som alltid avslutta dagen med Fadervår, fordi han ville vera på den sikre sida.

Då pandemien kom og avlyste alt av konsertar fann songaren nye måtar å uttrykke seg på. Både med pennen, men også med leire.

– Eg var god til å teikne på skulen, så forming i leire låg for meg. Å gje ansiktet eit truverdig og ærleg uttrykk er målet når eg formar byster.

Draugedalen var nyleg i Skien med ei byste av Aage Samuelsen som blei overteken av ordføraren, og håpar dei finn ein høveleg plass i heimbyen hans. Han har også laga ei byste av Ingulf Diesen som var rektor på Ansgarskolen frå 1959-1979. Bysta er nå på sokkel på Hånes i Kristiansand der skulen nå ligg.

– Eit vågesprang

Draugedalen er født i 1946 og byrja alt som tenåring med musikk, men det er tydeleg at han ikkje er redd for å utforske nye kunstnariske uttrykk. Han fortel at han alltid har elska diktet og sunge mykje god poesi, men det var likevel ein terskel å skrive sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

I forordet til «Frå mi venstre hand» skriv forfattaren:

«Eg blei fødd som venstrehendt – eller keivhendt som det heitte då eg voks opp. Det var ei lyte – og då eg byrja på skulen fekk eg klar beskjed om å bruke den «fine» handa. Det var ikkje lett – og skriving var ikkje moro.»

– Det å prøve meg på poesi var eit vågesprang, fordi eg har hatt så stor respekt for ordet som våpen og makt. Men eg har i alle år fått høyre at eg har ein poetisk måte å formidle songen på. Derfor tok eg mot til meg og heiv meg utpå dei sytti famnar, seier han til VTB.

Etter eit langt liv med songen som uttrykksform har han nå utvida repertoaret, og han er heller ikkje framand for å prøve seg på nye ting.

– Men etter pandemien får eg altså to føter til å stå på, med ord og leire. Kjem det ein pandemi til kan det hende eg får endå eit bein å stå på. Målarpenselen ligg klar. Ein blir aldri for gamal til å prøve noko nytt.