Fiksjonsfilm med Vest-Telemark i fokus: Førre veke var produsent Eirik Sandåker, regissør Jesper Brodersen, filmfotograf Jan Olav Nordskog og skodespelar Viktoria Winge på plass i Vest-Telemark for å teste ut idear til filmen som har fått arbeidstittelen «Attende». Morgedøl Ivar Bjåland har vore med som kameraassistent, men var diverre ikkje til stades då biletet blei tatt.

Filmskaparar i gang med prosjekt på heimebane: — Det er sterkare å fortelje om noko ein har ei kopling til

Eirik Sandåker, Jan Olav Nordskog og Jesper Brodersen, alle med oppvekst i Kviteseid, arbeider med filmproduksjon i Oslo og Stockholm. Førre veke var dei tilbake i Vest-Telemark for å samle inn materiale til det som skal bli deira største filmprosjekt saman så langt.

Med nyleg registrert selskap og mange idear reiste Eirik Fjeldstad Sandåker, Jan Olav Angell Nordskog og Jesper Brodersen rundt i Vest-Telemark førre veke og samla materiale til det som skal bli ein heilt ny film. Handlinga til filmen, som har fått arbeidstittelen «Attende», vil gå føre seg i Vest-Telemark og vere prega av noko overnaturleg og uforklarleg som lurar i bakgrunnen.

– Filmen baserer seg på dikting og historie frå Vest-Telemark. Det var naudsynt å reise hit for å teste nokre scener og prate med litt folk før me set oss ned og verkeleg begynner arbeidet med manus, seier Eirik Sandåker som har rolla som produsent i prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Filmentusiastane frå Kviteseid

Morgedalsduoen Eirik Sandåker og Jan Olav Nordskog har samarbeidd i årevis med både små og større prosjekt, fyrst og fremst kortfilmar.

– Arenaene for kortfilm og langfilm skil seg frå kvarandre. Det er mykje jobb å lage kreative kortfilmar, men ikkje særleg mange stader å vise dei fram, seier Sandåker som for tida studerer kreativ leiing på Handelshøgskulen BI i Oslo.

Nordskog held også til i Oslo der han arbeider frilans med foto, film og redigering. I tillegg til kreative prosjekt har duoen også tatt på seg eit par oppdrag med å lage reklamefilmar.

– Det er ikkje noko me driv mykje med, men ein fin måte å skaffe kapital til andre prosjekt, seier Sandåker.

Langt samarbeid: Produksjon av ein langfilm blir ei ny utfordring for duoen Eirik Sandåker og Jan Olav Nordskog som har samarbeidd i over 12 år. Biletet er frå eit besøk heime i Morgedal i fjor vinter.

Det er ikkje fyrste gongen morgedølane samarbeider med Jesper Brodersen, som også har litt av oppveksten i Kviteseid, men nå bur og jobbar med filmskaping i Stockholm. Der har han blant anna samarbeida med den svenske regissøren Roy Anderson på filmen «About Endlessness», på svensk «Om det oändliga», frå 2019. Filmen fekk fleire utmerkingar, der Brodersen og kollegaene vann pris for beste visuelle effektar under European Film Award i Berlin 2019. Brodersen vann også Terje Vigen-prisen for sin eigen kortfilm «Tidlig morgen 26e januar 2011» under Kortfilmfestivalen i Grimstad i 2016.

I april 2022 blei filmselskapet Kosmokopter AS registrert, med Sandåker som leiar og Nordskog og Brodersen som nestleiarar.

– Me har knapt med tid saman, så det blir ein del planlegging digitalt, og intense dagar når me fyrst treffast, seier Sandåker.

Dei er einige om at det blir ekstra spesielt å lage film om og i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er vel alltid best å grave der ein står. Det er sterkare å fortelje om noko ein har ei kopling til, seier Brodersen.

Det er vel alltid best å grave der ein står

Sjølv om Sandåker er oppført som produsent, Nordskog filmfotograf og Brodersen regissør går mange av arbeidsoppgåvene i kvarandre. Alle er pådrivarar for prosjektet og med på å utvikle ideane til manus, som dei snart skal gå saman om å skrive.

Viktoria Winge som hovudkarakter

Gjennom heile veka har filmteamet hatt med seg skodespelar Viktoria Winge, som har rolla som ein av hovudkarakterane. Winge er kjend frå filmar som «Fritt Vilt» og «Max Manus» samt seriane «Dag», «Lilyhammer» og «koselig med peis». I tillegg er ho også musikar og modell.

– Så langt har eg treft på mange kunnskapsrike og jordnære folk i Vest-Telemark, som samstundes har store idear om livet. Bevaring av historie og kunst står veldig sterkt her, noko eg likar godt med tanke på at mykje blir borte andre stader, seier Winge.

Førre veke gjekk i stor grad til å utvikle karakteren hennar, og teste ut forskjellige idear og scener.

– Me skal prøve å skape sterke og spennande karakterar som sjåarane kan bli glade i. Litt av grunnen til at me er her i Vest-Telemark nå er for å finne nettopp slike, seier Brodersen.

Blanding av profesjonelle og lokale: Skodespelar Viktoria Winge saman med Helge Andersen Byggland under test-innspeling i Morgedal.

Etterlyser lokale skodespelarar

Sjølv om profesjonelle skodespelarar som Winge vil vere viktige, er det ingen som kan portrettere vesttelar meir realistisk enn vesttelar sjølv.

– Me ynskjer oss ei blanding av lokale og profesjonelle skodespelarar. Lokale fordi det vil vere både lettare og betre for å framstille vesttelar så realistisk som mogeleg, og profesjonelle for å takle dei meir utfordrande scenene, fortel Brodersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når målet er å vise fram mentaliteten og veremåten i Vest-Telemark, vil dei gjere ein ting klinkande klart.

– Me ynskjer ikkje å karikere og seie at «på bygda» er det slik og slik, men vise folk som dei er, seier Sandåker. – Det er jo typisk at dei litt beskjedne og interessante vesttelane som hadde passa supert til filmen, også er dei mest utfordrande å få til å stille opp, smiler han.

Me ynskjer ikkje å karikere

Ting som ein ser på som heilt naturleg i Vest-Telemark kan vere interessant for folk utanfrå, også i andre land.

– Om handlinga går føre seg i ein urban by som Oslo liknar det på veldig mange andre byar me finn i Europa. Då er det meir interessant å vise fram noko meir lokalt og eiget, spesielt for sjåarar frå andre land der eg håpar filmen også kan få merksemd, seier Brodersen.

– Eg trur det er ein god ting at me alle har vore litt vekke frå Vest-Telemark før me no kjem tilbake for å lage film. Det er lettare å ha perspektiv utanfrå og kanskje legge betre merke til ting som kan vere interessant å ha med, legg Sandåker til.

— Det er noko med Tarjei Vesaas

Det er fleire filmar, tekstar og historier som er kjelder til inspirasjon for filmen, men ein vesttelemarking står tydeleg fram.

– Det er noko med Tarjei Vesaas som treff ei nerve når det gjeld Vest-Telemark. Når me sjekka ut romanen «Brannen» fann me fleire scener som likna utruleg på idear me alt hadde sett føre oss, fortel Nordskog.

Vesaas, som hadde vore 125 år i år, er kjent for å skrive med eit språk som vinglar mellom det realistiske og symbolske.

Artikkelen held fram under annonsen.

– «Brannen» inneheld nokre heilt absurde scener som mange kanskje vil kalle marerittmateriell. Personleg synest eg skildringane kan vere utruleg morosame til tider, seier Sandåker.

Det er mange lause trådar og idear som snart skal samlast saman til eit manus. Likevel ynskjer dei skrive det på ein måte som opnar for vidare eksperimentering og idear under sjølve filminga.

– Det blir nok ein god del prøving og feiling på vegen, seier Nordskog.

På jakt etter gode forteljingar har dei snakka med mellom anna Knut Buen og Ragnar Haugstøl. Filmen vil vere prega av noko overnaturleg som vaknar til live i bakgrunnen.

– Det er spennande med folk som har sett merkelege og uforklarlege ting. Me treng element som set i gang fantasien til folk, seier Brodersen.

Noko uforklarleg der ute: Kvedar og lokalhistorikar Ragnar Haugstøl ser ut glaset. Handlinga vil vere inspirert av forteljingar frå Vest-Telemark, og prega av noko overnaturleg som vaknar til live.

Håpar på lokal stønad

Så langt har alt vore drive av eigne midlar, men filmprosjektet er avhengig av stønad på vegen vidare. Prøvefilminga og forskinga i Vest-Telemark førre veke legg grunnlaget for gode søknadar.

– Ein må liksom vise at ein kan utrette noko på eiga hand, og vise litt kva ein er god for. Skriving av søknadar og organisering er ein mykje større del av arbeidet med film enn ein skulle tru, seier Sandåker.

Målet er ein langfilm, det vil seie med speletid på godt over ein time. I tillegg til midlar frå Norsk filminstitutt, som er Kulturdepartementet sitt forvaltningsorgan for produksjon av film, serie og spel, håpar dei på stønad frå kommunar og lokale bedrifter i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me håpar folk vil vere positive og sjå potensialet til eit slikt prosjekt, seier Sandåker.