Jesper Brodersen fekk Terje Vigen-prisen under Kortfilmfestivalen i Grimstad.
Jesper Brodersen fekk Terje Vigen-prisen under Kortfilmfestivalen i Grimstad.

Pris til filmskapar frå Kviteseid

Jesper Brodersen (30) vann i helga Terje Vigen-prisen under kortfilmfestivalen i Grimstad.

Filmskaparen Jesper Brodersen er busett i Stockholm, men vaks opp i Kviteseid.

I helga fekk 30-åringen Terje Vigen-prisen under kortfilmfestivalen i Grimstad for filmen «Tidlig morgen 26e januar 2011». Prisen er på 10 000 kroner og ein bronsestatuett laga av kunstnaren Harald Oredam gjeve av Grimstad kommune, samt eit produksjonsstipend til ein verdi av 50 000 kroner gjeve av det Grimstad-basera studio- og utleigehuset Equippe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under kortfilmfestivalen i Grimstad blir dei beste dokumentarane, musikkvideoar og internasjonale dokumentarar også heidra med prisar. Terje Vigen-prisen har blitt delt ut til ein norsk kortfilm sidan 1988.

Brodersen sin pris kniva under kategorien; årets beste norske kortfilm. Filmen blei vurdert av ein eigen jury.

I dokumentarfilmen, som skildrar eit forhold mellom ein far og ein son, møter me Hans som prøvar å rekonstruere ei hending som nesten kosta han livet. Frosne tær og ein manglande finger tyder på at noko har skjedd, men kva?

Juryen seier dette om kortfilmen «Tidlig morgen 26e januar 2011»: «Terje Vigen går til en filmskaper hvis usentimentale, ufiltrerte og umiddelbare tilnærming gjorde at han kunne fange humoren og absurditeten i en pågående tragedie».

Brodersen er utdanna ved Akademin Valand i Göteborg. Han har tidlegare delteke på Kortfilmfestivalen med «An Independent Declaration of Norway» i 2012.