Fargerike fastelavn: Under Kviteseidmarken fyrstkomande fredag og laurdag vil Kviteseid sanitetsforeining vere på plass med fastelavnsris og fastelavnshjarter for sal.

Fargerike bjørkeris til fastelavn

Under Kviteseidmarken fyrstkomande fredag og laurdag vil Kviteseid sanitetsforeining vere på plass med fastelavnsris og fastelavnshjarter for sal. Det var Norske Kvinners Sanitetsforening som henta fastelavnsriset til Noreg i 1946, og sundag 22. februar blir mange norske heimar pynta med fargerike bjørkeris til årets fastelavn.

Norske Kvinners Sanitetsforening melder at det i dei 650 lokalforeiningane blir knytt fastelavnsris som bidreg til å finansiere forsking som gjev livsviktig kunnskap om kvinners helse og gode tiltak i ditt lokalmiljø. I år forventar Sanitetskvinnene å selje fastelavnsris for 10–12 millionar kroner. Kjøper du eitt fastelavnsris med kløvermerke på, veit du at inntektene går til Sanitetskvinnene, melder foreininga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordet fastelavn kjem av det tyske Vastel-avent, som ein kan omsette til faste-kveld – nemleg kvelden før den kristne fasteperioden 40 dagar før påske.

– Til fastelavn knyt det seg mange, til dels eldgamle skikkar, som frå starten av høyrde til ein heidensk vårfest. Skikkane siktar difor til overgangen frå vinter til vår. Best tatt vare på er fastelavnsriset som blei bruka som ein fruktbarheitsvekkar. Det var jorda framfor plogen, tre, dyr og familiens kvinner som fekk seg ein runde med riset, kan ein lese hos sanitetskvinnene.

På 1700-talet blei det vanleg at barna piska foreldra sine om morgonen. Som oftast blei bjørkekvistar bruka. Det blei også vanleg å pynte risa med fargerike band, papirblomar og andre dekorasjonar. I Stockholm blei ferdig pynta ris seld frå 1870-talet. Å pynte risa med fjør blei vanleg fyrst på 1930-talet, melder sanitetskvinnene.