Skal framføre: Elena Molazem Rådal (11) frå Seljord skal framføre ein sang frå Les Miserables under konserten på Granvin onsdag. Konserten er ein del av årets program i Norsjø Kammermusikkfest.

Elena (11) blant trekkplastera under musikkfesten

Elena Molazem Rådal (11) frå Seljord skal vera med festivaldeltakarane og syngje når Norsjø Kammermusikkfest kjem til heimbygda.

Kammermusikkfesten består av sju hovudkonsertar frå tysdag 25. til og med laurdag 29. april. Konserten i Seljord går føre seg i Gamlesalen på Granvin onsdag 26. april. På programmet står verk av både Beethoven og Grieg, og Molazem Rådal skal framføre Castle on a Cloud frå Les Miserables.

Molazem Rådal har gått i kor sidan ho var sju, og har sidan i fjor gått song i kulturskulen i Seljord. Ifylgje arrangørane er ho veldig glad i å synge og å høyre på musikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho likar å høyre på mellom anna funk, indie rock og klassisk musikk. For tida tek ho òg fiolin- og pianotimar ved sida av songen, opplyser dei vidare.

Cellist Amalie Stalheim vil også stå for urframføringa av komponist Astrid Solbergs verk Squish Flutter, medan avslutningsnummeret er Jaktkvartetten av Jörg Widmann.

– I dette virtuose stykket sprengjast alle grenser og dei fire musikaranes samspel, instrumentteknikk og uthald blir testa til det fulle, skriv arrangørane om Jaktkvartetten.

I tillegg til dei sju hovudkonsertane vil det gjennom veka også bli arrangert skulekonsertar i fleire kommunar.

Norsjø Kammermusikkfest

Kammermusikken har som visjon å sette unge, dyktige utøvarar og komponistar i sentrum, samt tenkje nytt kring formidling av klassisk musikk. Festivalen ynskjer å tilby kammermusikk på høgt nivå i Telemark, der barn og unge er ei prioritert målgruppe. Barn og unge til og med 20 år kjem gratis inn på alle konserter.

I fleire år har Norsjø kammermusikkfest hatt eit tett samarbeid med den prestisjefylte Midgardkonkurransen, og inviterer nokre av prisvinnarane frå haustens konkurranse kvart år. Dei enkelte utøvarane blir plukka ut med omsyn til instrumentarium og repertoar, og plassert inn i programmet på dei offentlige konsertane i løpet av festivalen.

Initiativtakarne til Norsjø kammermusikkfest var tre unge musikarar/komponistar med eit felles ynske om å bidra til kulturlivet i heimbygda, tidligare Sauherad kommune, no Midt-Telemark. I dag er kunstnerisk leiing Martin Ødegaard, Eivind Ringstad og Øyvind Sundsvalen.

Festivalen blir arrangert rundt Norsjø i Midt-Telemark ei veke i slutten av april kvart år. I 2023 blir festivalen arrangert for niande gong.

Kjelde: Norsjø kammermusikkfest