Urpremiere på Nutheim: Unni Boksasp er busett på Miland i Tinn og kjem til Flatdal 6. januar for å halde urpremiere på sitt nykomponerte Draumkved.

Draumkvedet med ny musikk av Unni Boksasp

Mange komponistar, som David Monrad Johansen, Sparre Olsen, Eivind Groven og Arne Nordheim har latt seg inspirere til å komponere nye versjonar av visjonsdiktet Draumkvedet.

Folkesongar Unni Boksasp syntest no det var på tide at ein folkemusikar laga ny musikk til dei gamle tekstane, og 6. januar 2023 har Boksasp urpremiere på sitt nykomponerte Draumkved på Nutheim. Framføringa blir nede i atelieret til Terje Grøstad, og Boksasp vil kombinere solistisk framføring både harpeleik, dulcimer og handorgel i ei unik tolking av kvadet. Lyd og lys er ved Vegard Finnekåsa og regi av Marianne Meløy.

Dagen etter, laurdag 7. januar, blir førestillinga sett opp i Kulturkirken Jakob i Oslo. Inspirert av tradisjonsmusikken og tidlegare formidlarar av Draumkvedet, har Boksasp no laga ny musikk og nye arrangement til den tidlause historia. Tekstene ho brukar er alle henta frå dei 100 ulike nedskriftene av Draumkvedet, kanskje særleg den frodige versjonen Anne Skålen framførte ved gruva si for Sophus Bugge i 1857.

Artikkelen held fram under annonsen.

Historia om Olav Aasteson si draumeferd er den same: Olav Aasteson, hovudpersonen i Draumkvedet, fell i djup søvn på julekvelden, og vaknar ikkje opp att før etter 13 døgn. Då har han drøymt at han har reist over Gjallarbrua til dødsriket. Han ser inn i Paradis, han ser dei grufulle straffene som ventar syndarar i Helvete og blir slutt blir han vitne til dommedag i Brokksvalin. 13. dag jul vaknar Olav opp frå draumen, salar på hesten sin og rir til kyrkja. Så set han seg i kyrkjedøra og syng ut heile den underlege draumen sin for kyrkjelyden.

Draumkvedet er truleg frå slutten av mellomalderen. Den første nedteikninga me har av Draumkvedet er frå 1842, og sidan er om lag 100 nedskrifter innsamla – alle frå øvre Telemark. Dei mest nytta versjonane er rekonstruksjonane gjort av Jørgen Moe, M.B. Landstad og Moltke Moe, som har sett saman tekstbolkar etter ulike kjelder til ein «fullverdig versjon». Variasjon og improvisasjon er ein del av folkesongen sin natur, og var ei utfordring for innsamlarane på 1800-talet. «Anne er upaalidelig og ikke sanddru, hun kan vel hav lavet noget hist og her på egen Haand.» skreiv Sophus Bugge i 1857 om Anne Skålen si framføring av Draumkvedet. Og det gjorde ho sjølvsagt, som så mange før og etter henne! Folkesongarane har, tradisjonen tru, forma Draumkvedet på sine personlege måtar opp gjennom historia.