Fekk millionløyving: Ingebjørg Nestestog Edland måpte då det gjekk opp for henne at Vinjesenteret får 1 million kroner i ei eingongsløyving frå regjeringa.

Blei overraska med millionløyving: – Me har så mange idear!

Tysdagsmorgonen kom Vinje-ordføraren med ei gledeleg overrasking til dei tilsette på Vinjesenteret. Regjeringa løyver 1 million kroner til nynorsksatsinga.

– Dette er heilt vilt! Og absolutt ikkje noko me forventa, seier Ingebjørg Nestestog Edland, vertskaps- og programansvarleg, etter å ha fått summa seg.

Det var tre overraska tilsette ved Vinjesenteret som opna døra då Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven banka på tysdagsmorgonen. Han overrekte eit brev og let dei tilsette sjølve få lese gladmeldinga om at regjeringa løyver 1 million kroner i ei eingongsløyving til Vinjesenteret – «knytt til nynorsksatsing og forvalting og formidling av litterær kulturarv i Vinje».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette gjer at me kan gjennomføre mykje meir av det me har lyst til og har planar om. Me ser berre moglegheiter med litt meir å rutte med. Me har så mange idear, seier Edland.

Ho seier dei har lyst til at fleire unge skal kome til Vinjesenteret – både på arrangement og for å oppleve senteret. Dei har ei ekstra satsing mot 7-åringar og 16-åringar. Dei ynskjer også å halde fram med å vera synlege på skular og bibliotek rundt om i regionen, som å sende forfattarar på turné – eit tilbod som har blitt tatt godt imot.

Edland seier dei vil ta med dei unge på råd om kva desse ynskjer meir av. Ho trekkjer elles fram arbeidet arenaleiar Petra Helgesen har gjort med å etablere samarbeid rundt om i regionen.

– Arbeidet blir lagt merke til

Formidlar av den gode bodskap: Ingebjørg Nestestog Edland (t.v.), Åsne Vesaas og Kristin Person kunne juble for milliongåva Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven fekk æra av å formidle.

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) seier løyvinga, i eit stramt kulturbudsjett, er eit resultat av det viktige og gode arbeidet som blir lagt ned på Vinjesenteret.

– Det blir lagt merke til av regjeringa som ser at dei brukar pengar godt og gjer ein god jobb, seier Kleven.

Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) frå Heddal er blant dei som har jobba hardt for å finne ekstra pengar til Vinjesenteret. Ho er sentral i familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

– Budsjettet for 2023 var litt smalhans der me har vore opptatt av å ikkje få for store kutt i kulturbudsjettet, men me er glade for å ha funne litt midlar i revidert, seier Sem-Jacobsen.

Stortingsrepresentant: Åslaug Sem-Jacobsen (Sp).

Ho legg til at regjeringa akkurat har lansert sin leselyststrategi i tråd med Hurdalsplattformen til regjeringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Leselyst er me nøydd til å ta tak i. Det er dramatiske tal om korleis lesinga fell, seier stortingsrepresentanten.

Ho meiner Vinjesenteret er ein viktig bidragsytar for nynorsk, og at det er viktig å verne om – og lyfte nynorsken.

– Det var mange som jobba for å realisere senteret, nå kjem det også litt midlar så det kan blomstre vidare, seier Sem-Jacobsen, som legg til at det også vil kome andre nynorsk-løyvingar rundt om i landet i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Ho seier det er viktig å få opp aktiviteten på kulturfronten etter pandemien, og at ho håpar løyvinga gjer det lettare for Nynorsk kultursentrum, avdeling Vinjesenteret, å få gjort det dei har ambisjonar om. Sem-Jacobsen trekkjer også fram statssekretær Odin Adelsten Bohmann (Ap) som ein annan telemarking innan kulturfeltet som har jobba hardt for løyvinga.