Gjesteutstillar: Hilde Vemren, årets gjesteutstillar på Sneie.

Årets gjesteutstillar på Eva Bull Holtes Museum: – Vi kan ikkje leva i svart/kvitt

– Kva er livet utan fargar? Ingenting. Vi kan ikkje leva i svart/kvitt, seier gjesteutstillar på Eva Bull Holtes Museum i år, Hilde Vemren frå Porsgrunn. Det vert fargerikt på Sneie-veggene denne sommaren. Opningsdagen er laurdag 17. juni, og det er ope til midt i august.

Kunsten som skal pryda veggene, er fargerike stilleben. Vemren begynte som keramikar, slik Eva Bull Holte også gjorde. Begge kunstnarane har utfolda seg på lerret, samt at begge også har teikning og grafikk til felles.

– Eg gler meg til å stilla ut på Eva Bull Holtes Museum. Det er verkeleg ei ære.

Artikkelen held fram under annonsen.

Barndom på PP

– Eg har teikna så lenge eg kan hugsa. Teikna på alt, fortel Vemren, som vaks opp i bustad på fabrikkområdet på Porsgrunds Porselænsfabrik. Faren jobba der. Farfarens hennar var med heilt frå første dag på fabrikken, der den første brenninga fann stad i 1887.

– Då var ikkje vegen lang for deg. Tredje generasjon ved PP. Det må ha vore spennande?

– Det var det også. Eg var så glad den dagen eg fekk lærlingplass på PP, seier Vemren. Som 17-åring kom ho inn på Statens handverks- og kunstindustriskole. Om somrane arbeidde ho på PP og heldt dermed oppe forbindelsen. Med tida produserte porselensfabrikken hennar kolleksjonar.

– Kva laga du?

– For det meste krukker og fat, som eg måla.

PP var ei leiande designbedrift i åra frå omkring 1930 til 1980. Nasjonale og internasjonale designprisar vart henta heim til Porsgrunn, så det var ein god stad å begynna ei kunstnarkarriere.

Vasar i måleria

Det er lett å sjå at ho elskar å arbeida med fargar, sterke fargar. I bileta hennar finn ein att krukkene og fata.

Vemren er også utdanna ved Statens Kunstakademi. Ho debuterte med separatutstilling på Galleri K i Oslo, og har hatt ei rekkje separatutstillingar, og også vore med i gruppeutstillingar. Ho er innkjøpt mange stader og har også hatt utsmykkingsoppdrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I bileta mine vil du finna att krukkene, men eg likar også å teikna mønster, seier Vemren, som er særleg opptatt av mønstra på 50- og 60-talet.

– Det er noko frå barndommen som tiltrekkjer og fascinerer meg, seier Vemren, som er glad for at ho vaks opp i ei tid der blyant og papir var lett tilgjengeleg. Ho skulle ønskja at fleire barn i dag kunne få utfalda seg på denne måten.

– Eg er redd at dei som veks opp i dag, taper noko ved at alt skal leggast til rette. Eg fryktar at noko av skaparevna vert borte.

Hybel hos PP-designar

Nora Gulbrandsen (1894-1978), er ei av dei første profesjonelle industridesignarane i landet og er kjent for arbeida ved Porsgrunds Porselænsfabrik.

– Både far og eg budde på hybel hos Nora Gulbrandsen på Frogner i Oslo. Det var ei fargerik dame som eg lærte mykje av då eg utdanna meg.

Arbeida spenner frå collage til meir tradisjonelt franskinspirert stillebenmåleri. Hilde Vemren fortel også at ho er ein beundrar av den franske målaren Henri Matisse, som også var grafikar og bilethoggar. Eva Bull Holte var også fascinert av fransk kunst. Då ho og mannen budde i Paris, var ho mellom anna sterkt opptatt av den franske kunstnaren Paul Cézanne. Penselstrøka hans vart studerte svært inngåande av Eva Bull Holte.

Kunst: Torild Grøstad viser fram eit av bileta til Hilde Vemren.