Legg opp til 74 nye hyttetomter, men må unngå myra

Samfunnsutvalet i Seljord vil at kommunen blir lagt føre plan for vatn- og avlaup før dei eventuelt godkjenner reguleringsplanen for utvidinga av hyttefeltet Kvambekk.

Publisert

Det er Bjørn Arve Nordbø som er grunneigar på området. Frå før hadde administrasjonen kome med tilråding om at det må «gjerast greie for korleis VA-anlegget skal organiserast og driftast», og då samfunnsutvalet hadde saka i slutten av januar, fekk Eivind Skogheim (Ap) samrøystes gjennomslag for at VA-planen også må godkjennast av Seljord kommune før utbygginga av Kvambekk kan starte. I tillegg vedtok utvalet at ein veg i feltet må leggjast utanom ei myr – og at området må fjernast frå forslaget dersom dette ikkje let seg gjere.

Når dette er retta opp, vil planen bli lagt ut for offentleg ettersyn, med ein seks veker lang høyringsperiode.

Doblar nesten talet på tomter

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS