God tid: – Eg flyttar ikkje før huset er selt, fortel Heidi Berge, som har drive Seljord blomster sidan 1996.

Heidi vil selje huset, men fram til det skjer, vil ho drive som vanleg. – Det er ei tid for alt

Innehavaren av den tradisjonsrike blomsterbutikken på Brøløs i Seljord, Heidi Berge, har signalisert at ho vil selje huset. Men fram til det skjer, vil ho drive blomehandelen som vanleg.

Eitt av dei sentrale næringsbygga på Brøløs i Seljord blir lagt ut for sal til sommaren. Det fortel eigaren, Heidi Berge. Huset er på totalt 755 kvadratmeter – i tillegg til ein dobbel garasje.

Berge har ått bygget sidan 1996, og har drive butikk med gåveartiklar og blomar. No er helsa ikkje på topp lenger, så ho tenkjer at tida er inne for å gjeva seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ei tid for alt, poengterer ho.

– Har god tid

Ho planlegg å ta seg god tid med salet, og vil drive butikken fram til handelen er gjennomført.

– Og dersom kjøparen av huset vil leige ut til blomsterbutikken, så sel eg den til nokon som vil drive vidare, seier ho.

I utleigedelen av næringsbygget, der blomsterbutikken no held til, var det tidlegare restaurantdrift. Ein del år dreiv Margot og Terje Wassbråten «Det lille vertshus», eller Bistro’n som serveringsstaden blei kalla på folkemunne. Tidlegare husa lokalet daglegvarebutikken Fjalestad kolonial.

Til sals: Den 755 kvadratmeter store bygningsmassa bli lagt ut på marknaden til sommaren.