Nøgd: Per Gunvald Haugen er godt nøgd med plasseringa og utsikten frå hytta i Felehovet i Nissedal.

Denne veka fekk endeleg Farmen-vinnaren premien: – Eg var på synfaring fleire stader, men til slutt var det tilknytinga til Nissedal som vart avgjerande

Vinnaren av Farmen 2020, Per Gunvald Haugen, fekk denne veka nyklane til hytta i Nissedal.

– Det var ein veldig fin dag, seier Haugen om måndagen denne veka, då han tok over premiehytta.

Nissedalsordførar Halvor Homme var til stades og ynskte Haugen og sambuaren, Karianne Wahlstrøm, velkomne som fritidsbuande nissedølar. Noregshus, som har levert premien, var til stades med representantar både frå hovudkontoret og lokalt, medan Sverre Tveit gav Haugen og Wahlstrøm eit uglebilet på vegner av grunneigar Erling Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg var Terje (Øygarden) og Tommy (Tande) frå TT Bygg i Åmli, som har bygt hytta, til stades, fortel Haugen.

– Det var triveleg at alle som har vore med og arbeidd på hytta var der. Arbeidet med utforminga av hytta har vore eit godt samarbeid, og eg er utruleg nøgd med resultatet, seier den nybaka hytteeigaren.

Storeslem: Per Gunvald Haugen fekk meir enn bil og hytte på Farmen. I løpet av opphaldet fann deltakarane Haugen og Karianne Wahlstrøm tonen, og i desember i fjor kunngjorde Haugen at dei to var sambuarar.

Haugen, som er frå Gjerstad, har alltid hatt eit nært forhold til Telemark, spesielt Nissedal og Drangedal, der fleire slektningar har hytter. Det var vel og merke ikkje dei einaste alternativa med tanke på plassering.

– Eg var rundt på synfaring fleire stader, Vrådal, Rauland og Kyrkjebygdheia, men til slutt var det tilknytinga til Nissedal som vart avgjerande for at det blei her, fortel han.

– Eg er veldig nøgd med plasseringa og hyttefeltet på Felehovet, konstaterer han.

No gler Haugen seg til å endeleg kunne ta premien i bruk for fullt. Hytta er ferdig innandørs, men Farmen-vinnaren har planar for litt jobb ute.

– Aller fyrst skal me i gang med å bygge platting, fortel han.

Hytteovertaking: Frå venstre: Dagleg leiar i Norgeshus Gautefallheia, Eivind Tungland, Per-Gunvald Haugen, Karianne Wahlstrøm og Nissedalordførar Halvor Homme då Haugen og Wahlstrøm overtok hytta måndag denne veka.