Nordmenn kan bli dei einaste i norske skianlegg denne vinteren. Her frå ein skiheis i Hemsedal.Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK

Kan bli ein tøff vinter i skianlegga

Fleire alpinsenter fryktar for glisne skibakkar dersom svenskar og danskar held seg heime. No håpar dei nordmenn vil støtte opp.

– Det er ingen løyndom at koronakrisa har slått kraftig inn for skisenterbransjen og for oss, seier Kristin Larsen, dagleg leiar på Rauland skisenter til NRK. Ho håpar skianlegget kan opne i desember og at norske gjester kan fylle opp der utanlandske skituristar blir borte.

Rundt 40 prosent av skituristane i alpinanlegga på Hafjell og i Kvitfjell kjem vanlegvis frå Sverige og Danmark, men i år set dei sin lit til hyttefolket og lokalbefolkninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har mange kundar i nærleiken, og det er ein stor fordel i denne situasjonen, seier dagleg leiar Odd Stensrud i Alpinco, som eig anlegga.

På Noregs største skistad, Trysil, er langrennsløypene allereie opna og snøkanonane går for fullt i alpinbakkane. Men åtte av ti gjester brukar å kome frå utlandet.

– Vi ropar høgt for å få forståing for den situasjonen vi er i. Skituristane vil komme så snart dei kan, men vi må komme oss gjennom denne krisa og sikre arbeidsplassane, seier turistsjef Gudrun Sanaker Lohne i Trysil.

Oppdal i Trøndelag fryktar ikkje at sesongen ryk på grunn av manglande nabobesøk. Trønderar som no truleg ikkje kan dra og stå på ski i Åre i Sverige, bestiller no meir i Oppdal enn tidlegare.

– Det er fleire bestillingar for januar no enn for eitt år sidan, av nordmenn, seier Steinar Furnes, dagleg leiar i Visit Oppdal til NRK.

(©NPK)