Peter, no var du vel noko hard i klypa

Tusen takk til Hovden hytteservice og alle andre som står bak prosjektet, for denne flotte rasteplassen langs Seljordsvatnet!

Denne plassen tener verkeleg målet sitt, den skapar debatt, her kan store og små leike, få eit avbrekk på bilturen til hytta og fantastisk utsikt til vatn. Eg ser stadig aktivitet på plassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette har Seljord aldri hatt maken til. Vi treng fleire rasteplassar og eg håpar noverande utbyggjar, eller andre tilsvarande gode utbyggjarar gjer like godt arbeid. I tillegg har utbyggjar/ Statens vegvesen halde seg godt innafor budsjett, blant anna ved gjenbruk i skulptur. Det er vel og noko alle politikarar verdsett.

Utbyggjar har hatt godt samarbeid med Cowi, som teikna plassen og dei vant anbodsrunden, John Poulsen har vore ein god samarbeidspartnar og Statens vegvesen er ansvarleg for heile prosjektet.

Endeleg får vi ein flott rasteplass ved det vakre vatnet kåns og så kjem det skarp kritikk over kva som er kunst og ikkje.

Så, med fare for å stikke handa inn eit vepsebol, så har vi i alle år vi definera kunst som at den skal; glede, gje ettertanke, sorg og blant anna provosere. Din knusande dom over prosjektet har i alle fall nådd målet om provokasjon.

Eg har sett mange karikaturar av både nissar, troll, sjøuhyre, nokre etter min smak andre ikkje. Eg har aldri sett nokon fasit.

Når dette er sagt, synes eg vi skal heidre alle aktørar for at det flotte Seljord-vatnet endeleg har fått ein rasteplass det står respekt av!

Liv Ekre

Stolt seljording over ny rasteplass i kulturbygda Seljord

Artikkelen held fram under annonsen.