Opnar delvis: Vegen mellom Dalen og Høydalsmo har vore stengt sidan det gjekk eit jordras og øydela vegen førre sundag. På måndag opnar vegen delvis for trafikk.

På måndag opnar vegen delvis

Fylkesveg 450 mellom Høydalsmo og Dalen har vore stengt sidan det gjekk eit jordras i den nedste svingen og øydela vegen førre sundag. Måndag 12. oktober opnar vegen delvis for bilar igjen.

Tokke kommune melder på sine heimesider at fylkesvegen er klar for delvis gjenopning fyrstkomande måndag. Truleg vil vanlege bilar og skulebussen då kunne køyre forbi rasstaden igjen, men det er ikkje klart om tyngre køyretøy kan bruke vegen enno.

Planen er at vegen skal vere open kvar morgon fram til klokka 0830, og mellom klokka 1400 og 1530. Opningstidene vil vere slik fram til arbeidet er ferdig. Om vegen blir stengt på kvelden og natta er førebels usikkert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil i dei stengde periodane bli arbeidd med å sikre og stelle i stand vegen, samt grave ut og forbetre bekkeløpet som raset øydela, opplyser Tokke kommune.

Opprydding: Området ved Dalen brygge ber framleis preg av raset som gjekk på sundag, men oppryddingsarbeidet er i full gang.