Økonomisjef: Halgeir Brekke, økonomisjef i Seljord kommune.

«Om me skal byrje å dele befolkninga inn i grupper på den måten at «han tener me på», «ho tener me ikkje på», er me ille ute».

– Integreringstilskotet er ikkje øyremerkt, men frie midlar, og Seljord kommune fører ikkje eit eige «flyktningrekneskap», seier økonomisjef i Seljord kommune, Halgeir Brekke.

Brekke meiner eit «flyktningrekneskap» ikkje er aktuelt fordi det kan føre til at grupper blir sett opp mot kvarandre og skape ein risiko for at folk begynner å sjå på kvarandre som «kostnadar» eller «inntekter».

– Spørsmålet er: Kor mykje kostar det å integrere ein flyktning? Det er eit vanskeleg spørsmål å svare på, for nokon «kostar» det meir å integrere enn andre. Etter integreringstilskotet har staten rekna ut at det gjennomsnittleg skal koste 772 000 kroner å integrere ein flyktning, fordelt over fem år. Kvart av åra har forskjellige satsar for kva kommunen mottar av integreringstilskot frå staten. Første året er satsen på 194 000 kroner. Andre året er det dyraste og det vert overført 246 000 kroner per flyktning. Så følgjer år 3 med 174 000, år 4 med 86 000 og år 5 med 72 000. Til saman er det 772 000 kroner. Ikkje alle blir buande i fem år, og om dei flyttar før denne perioden er over, følgjer midlane dei til den kommunen dei flyttar til, forklarar økonomisjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brekke seier at Seljord ikkje har «flyktningrekneskap» fordi integreringsmidlane kommunen mottar er frie midlar, altså ikkje øyremerkte midlar. I perioden 2010–2019 tok imot Seljord 79 172 248 integreringskroner. I same periode tok kommunen imot 78 flyktningar. I 2020 har Seljord tatt i mot tre personar med flyktningbakgrunn.

Storleiken varierer

– Kva er summen på integreringstilskota kommunen har fått kvart år, og vil de få til det er slutt på tilskota?

– Dei årlege tilskota varierer frå i underkant av 4,5 millionar til 13 millionar i perioden 2001–2019. Det er avhengig av kor mange flyktningar kommunen har fått tildelt og kvar dei er i integreringsløpet, svarar Brekke.

– Økonomiplanperioden 2020-2023 er sett opp med føresetnad om ti nye flyktningar kvart år og at fire av dei eldste flyktningane, dei som er her på 5. året, flyttar frå kommunen, melder Brekke, men tek atterhald om tala, då kommunen framleis er på Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) i si liste for å ta imot flyktningar framover.

Brekke viser til at kommunar som mottar flyktningar erfaringsmessig gjerne har noko lågare utgifter til integrering, enn dei dei får i tilskot.

– Kostnaden vil vere individuell. Som alle andre, kjem flyktningar med forskjellig bakgrunn og er i forskjellige aldrar. Ein flyktning som er null år når ho kjem, vil truleg koste kommunen lite, fordi ho truleg vil vekse opp som andre barn. Kommunen får midlar for dei første fem åra hennar, samt at ho utløyser rammetilskot både for barnehage og skule, i tillegg til innbyggjartilskot. Alt dette kjem i tillegg til integreringstilskotet. Kjem det derimot ein godt vaksen analfabet, vil kostnaden helst bli mykje høgare. Nokre har opplevd ting. Då må me sette inn tiltak for å hjelpe dei. Men om me skal byrje å dele befolkninga inn i grupper på den måten at «han tener me på», «ho tener me ikkje på», er me ille ute. Eg er rimeleg sikker på at om me sjekka botnlina på gruppenivå, så vil dei fleste kommunar tene på å ta imot flyktningar.

Les også
Integreringstilskotet har vore høgare enn utgiftene til flyktningane

Rettar og pliktar

Medan ein kommune som mottar flyktningar får støtte i fem år, har flyktningane rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet på to år. Her lærer dei norsk og samfunnskunnskap. I denne perioden mottar dei ein stønad svarande til 2G, om lag 200 000 kroner i året. Etter det er dei på eigne føter og må finansiere liva sine som andre innbyggarar gjennom løna arbeid, studielån, arbeidsavklaringspengar, barnetrygd og eventuell supplerande sosial stønad.

Brekke understrekar at han håpar at Seljord har gjort rett for seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har lagt til grunn at alle er like under sola, og me skal gje det same tilbodet til flyktningar som til alle andre, i samsvar med lover og føresegner og lokale prioriteringar, ut frå prioritering av ein samla pengesekk.

Mange blir verande

Seljord var blant dei første kommunane i Vest-Telemark som tok imot flyktningar, alt i 1987. Dei fleste har flytta ut, men tilgang til statistikkar frå kommunen viser 93 av dei 196 flyktningane som kom til Seljord i perioden 2001–2018 har blitt buande.

Flyktningar i Seljord

År tal bur framleis i Seljord prosent som bur i Seljord flytta ut

2001 3 0 0 3

2002 8 4 50 4

2003 14 0 0 14

2004 0 0 0 0

2005 9 2 22,2 7

2006 15 0 0 15

2007 8 4 50 4

2008 16 2 12,5 14

2009 10 2 20 8

2010 11 0 0 11

2011 12 6 50 6

2012 1 1 100 0

2013 12 6 50 6

2014 15 9 60 6

2015 13 8 61,5 5

2016 17 17 100 0

2017 18 18 100 0

2018 14 14 100 0

Totalt 196 93 47,4 103

Få av dei første som kom er att, medan 79 av 103 flyktningane Seljord har teke imot mellom 2010 og 2018 bur framleis i kommunen.

Tilskot

2010: 4 448 310

2011: 5 313 975

2012: 4 346 500

2013: 5 131 192

2014: 6 622 600

2015: 7 955 246

2016: 9 465 650

2017: 11 936 225

2018: 13 071 500

2019: 10 881 050

2020: 9 769 000

2021: 8 585 000

2022: 7 795 000

2023: 7 435 000

Vil ta imot fleire

Seljord kommune og Vinje kommune høyrer til blant dei småkommunane som er blitt bedne om å ta imot flyktningar også framover.

– Me har etablert eit godt flyktningmottak over mange år, og signala me har mottatt frå IMDi er, gjeve at flyktningstraumen held fram, at IMDi vil prioritere at me blir ein av fleire småkommunar som skal ta imot flyktningar, og me har budsjettert med å ta imot 10 nye flyktningar i året fram til 2023, fortel Brekke.

Han ser positivt på den auka i folketalet det vil innebere.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sett på spissen er IMDi eit «folketildelingskontor», spesielt for utkantkommunar som slit med nedgang i folketalet, og då spesielt med nedgang i talet på unge, seier han.

Økonomisjef: Halgeir Brekke, økonomisjef i Seljord kommune.