Ny pris: Rådmannen i Vinje kommune rår politikarane til å opprette ein ny frivilligpris. Politikarane skal handsame saka neste veke.

Vinje vurderer å lage frivilligpris

Rådmannen i Vinje kommunen rår politikarane til å opprette ein eigen frivilligpris. Saka skal opp i oppvekst- og velferdsutvalet neste veke.

Nå deler Vinje kommune ut ein kulturpris, og denne kan både gå til dei som har gjort ein frivillig innsats og dei som har merka seg ut innanfor kunst og kultur. Nå ønsker både politikarar og administrasjonen at denne prisen blir delt i to, og at det blir ein eigen pris som går til dei som har gjort ein frivillig innsats i kommunen, heiter det i saka til politikarane.

Forslaget er at frivilligprisen skal delast ut i mars-april kvart år og skal vere eit diplom og ein gåvesjekk på 20 000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politikarane handsamar saka i oppvekst- og velferdsutvalet fyrstkomande måndag.